Faktaboks

SprÄkkodar
sju (SJU)
ISO-639:3
sju
Utbreiinga til dei ulike samiske sprÄka. Grensene og inndelinga er omtrentlege, og fleire av sprÄka overlappar. Nokre sprÄk er ikkje lenger i bruk, dei er markerte med asterisk (*).
Samiske sprÄk
Av .

Umesamisk er eit sterkt trua samisk sprÄk som hÞyrer til den vestsamiske sprÄkgruppa. Det blir i dag berre brukt langs UmeÀlven i svensk Lappland, og er rekna som forsvunne i Noreg. UNESCO klassifiserer sprÄket som pÄ veg ut av bruk, fordi det berre finst nokre fÄ eldre talarar att.

I Ă„r 2000 var det om lag 20 gjenverande samar som snakka umesamisk i Sverige, i kommunane Arjeplog og Arvidsjaur (sprĂ„kforskar Tapani Salminen). I 2007 var det berre 10 personar att som snakka umesamisk, og dei var alle over 65 Ă„r gamle (sprĂ„kforskar Trond Trosterud). I Noreg blir sprĂ„ket rekna som forsvunne, men det finst framleis folk som identifiserer seg som umesamar. Umesamisk vart tradisjonelt snakka i Rana, Hemnes og Korgen pĂ„ norsk side, omrĂ„det frĂ„ UmeĂ€lven innan Maskaure, StĂ„kke, VĂ€stra Kikkejaure, Östra Kikkejaure i Arjeplog og Arvidsjaur, MalĂ„, Gran og Umby i TĂ€rna i Sverige.

Det umesamiske sprÄkomrÄdet ligg i det svenske förvaltningsomrÄdet för samiska sprÄket, der samisk er offisielt minoritetssprÄk, og umesamisk har den offisielle statusen som fÞlgjer med dette.

Endonymet for det umesamiske sprÄket er ubmejesåmiengiella. Dei tradisjonelle umesamiske kommunane heiter Árviesjåvrrie (Arvidsjaur), Árjjepluovve (Arjeplog), Suarsså (Sorsele), Målåge (MalÄ) og Lusspie (Storuman).

SprÄkfamilie

Det er ni levande samiske sprÄk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske sprÄk i den uralske sprÄkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske sprĂ„kfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har ĂČg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjĂžfinsk og samisk.

Umesamisk er eit samisk sprÄk. Den samiske sprÄkgreina har ni levande sprÄk, som blir delte inn i to hovudgrupper: Vestsamisk og austsamisk. Umesamisk er eit vestsamisk sprÄk, og hÞyrer til undergruppa sÞrsamiske sprÄk saman med sÞrsamisk.

Dei fleste samiske sprÄka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forstÄelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, pÄ same mÄten som til dÞmes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmÄl, svensk, dansk) og det austersjÞfinske dialektkontinuumet (kvensk, meÀnkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sÞrestisk og livisk). SprÄk som stÄr lenger frÄ kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forstÄelege.

SprÄkhistorie

I 1632 skipa soknepresten i UmeĂ„, Olaus Niurenius, ein skule for samiske gutar i tettstaden Lycksele (umesamisk Liksjuo) i VĂ€sterbottens lĂ€n. Skulen fekk namnet Skytteanska skolan, men var ĂČg kjend som Lappskolan i Lycksele. Niurenius meinte det trongst samisktalande prestar i dei samiske omrĂ„da.

Lycksele blei eit sentrum for samisk utdanning i Sverige, og her gav dei ut mange av dei fÞrste samisksprÄklege bÞkene i Sverige. BÞkene var pÄ umesamisk, det lokale samiske sprÄket. Dei fÞrste umesamiske bÞkene frÄ Lycksele var Laurentius Paulinus Gothus Thesaurus catecheticus (1668) og Manuale Lapponicum (1669). I 1726 kom ei ABC-bok og Luthers vesle katekisme. I 1738 publiserte den svenske presten Per Fjellström i Lycksele ei skildring av umesamisk grammatikk (Grammatica Lapponica) og ein svensk-umesamisk ordbok (Sueco-Lapponicum). Det nye testamentet vart gitt ut pÄ umesamisk i 1755. Den fÞrste bibelen vart gitt ut pÄ umesamisk i 1811, under tittelen Tat Ajles Tjalog (Den Hellige Skrift).

FrÄ 1800-talet byrja umesamane gradvis Ä bli assimilerte i det svenske samfunnet, og det umesamiske sprÄket er nesten blitt heilt borte. Dei seinare Ära har lÊraren Henrik Barruk i Storuman (umesamisk Lusspie) arbeidd for Ä dokumentere og revitalisere det umesamiske sprÄket, og i 2008 fekk han Gollegiella-prisen (GullsprÄk-prisen), den nordiske samiske sprÄkprisen, for arbeidet sitt.

2. mai 2012 vedtok eit arbeidsutval i kommunestyret i UmeÄ at det umesamiske namnet Ubmeje skal setjast opp ved sida av det svenske namnet UmeÄ pÄ innfartsvegane til byen. Dette hadde ikkje vore mogleg sÄ mykje tidlegare, for det var ikkje fÞr 27. april 2010 at Samisk sprÄkrÄd / Såmi giellalåvdegoddi godkjende ein sÊreigen umesamisk ortografi. Denne ortografien kom fÞrst og fremst i stand for at det skulle bli mogleg Ä ta med umesamiske stadnamn pÄ offisielle kart.

Den 6. april 2016 vart den umesamiske ortografien offisielt godkjent av Samisk Parlamentarisk RĂ„d (SPR). Umesamisk-svensk, svensk-umesamisk ordbok, BĂĄhkuogirjjie – fĂžrt i pennen av Henrik Barruk – vart gitt ut i 2019.

SprÄksystem

Umesamisk har mange felles drag med bÄde sÞrsamisk og dei samiske sprÄka lenger nord.

Tabellen nedanfor viser korleis substantivet som tyder ‘hus’, ‘gamme’, ‘telt’ blir bĂžygd i eintal pĂ„ sĂžrsamisk, umesamisk, lulesamisk og nordsamisk.

Likskapen med sĂžrsamisk er mellom anna at kasusendingane har overlevd i ei svĂŠrt konservativ form jamfĂžrt med lulesamisk og nordsamisk. Likskapen med lulesamisk og nordsamisk er mellom anna den sĂ„kalla stadievekslinga, det at konsonantane mellom den fĂžrste og andre stavinga vekslar under bĂžyinga, i umesamisk og lulesamisk mellom ht og d i dette substantivet, og i nordsamisk mellom ht og đ, medan sĂžrsamisk ikkje har dette fenomenet, og har t i alle formene.

sĂžrsamisk umesamisk lulesamisk nordsamisk
nominativ gÄetie gÄhtie goahte goahti
genitiv gĂ„etien gĂ„dien goade goađi
akkusativ gĂ„etiem gĂ„diev goadev goađi
illativ gÄatan gÄhtåje goahtåj goahtåi
inessiv gĂ„etesne gĂ„diesne goaden goađis
elativ gĂ„eteste gĂ„dieste goades goađis
komitativ göötine gudijne gĂ„dijn gođiin
essiv gÄetine gÄhtiene goahten goahtin

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olavi Korhonen: «Ume Saami language» (I nettleksikonet The Encyclopaedia of Saami Culture
  • Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, KĂĄrĂĄĆĄjohka 1998 (sidene 159–161 handlar om umesamisk)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.

Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.

eller registrer deg