Faktaboks

SprÄkkodar
smj (SMJ)
ISO-639:3
smj
Utbreiinga til dei ulike samiske sprÄka. Grensene og inndelinga er omtrentlege, og fleire av sprÄka overlappar. Nokre sprÄk er ikkje lenger i bruk, dei er markerte med asterisk (*).
Samiske sprÄk
Av .

Den samiske nasjonalsangen, Såmi soga låvlla, er et dikt skrevet av Isak Saba i 1906. Teksten ble vedtatt som samisk nasjonalsang i 1986, melodien i 1992. Teksten er oversatt fra nordsamisk til de andre samiske sprÄkene og er egnet for Ä vise forskjellene og likhetene mellom sprÄkene.

FÞrste vers av den samiske nasjonalsangen pÄ fire sprÄk

Lulesamisk er eitt av dei tre offisielle samiske sprĂ„ka i Noreg, saman med sĂžrsamisk og nordsamisk. Lulesamisk er fĂžrstesprĂ„ket til 1500 personar i Sverige og 500 i Noreg, av ei etnisk gruppe pĂ„ til saman 7000–8000 menneske. PĂ„ UNESCOs liste over trua sprĂ„k er lulesamisk klassifisert som alvorleg trua.

Det tradisjonelle lulesamiske sprÄkomrÄdet i Noreg strekkjer seg frÄ Ballangen i nord til Saltfjellet i sÞr og omfattar mellom anna Tysfjord, HamarÞy, Steigen, SÞrfold og delar av Fauske kommune i Nordland fylke. PÄ svensk side blir lulesamisk snakka langs LuleÀlven i Jokkmokk kommune og del av Boden og GÀllivare kommunar i Norrbottens lÀn og frÄ PiteÀlven i sÞr til KaitumÀlven i nord i GÀllivare kommune.

Lulesamisk er jamstilt med norsk som offisielt sprÄk i HamarÞy kommune, som er med i det norske forvaltingsomrÄdet for samisk sprÄk. Det har status som offisielt minoritetssprÄk i kommunane GÀllivare og Jokkmokk, som er med i det svenske förvaltningsomrÄdet för samiska sprÄket.

Folkegruppen kallar seg sjĂžl julevsĂĄme. SprĂ„ket kallast ĂČg julevsĂĄme eller julevsĂĄmegiella. SĂĄmeednam eller SĂĄbme (med stor forbokstav) tyder ‘Sameland’, medan (julev)sĂĄbme (med liten forbokstav) og (julev)sĂĄbmelasj tyder ‘en (lule)same’. Lulesamisk blir tala i to land, Vuodna ‘Noreg’ (bokstavleg ‘Fjord’) og Svierik ‘Sverige’. Kommunane i det lulesamiske busetnadsomrĂ„det har desse lulesamiske namna: HĂĄbmer ‘HamarĂžy’, tidligere Divtasvuodna ‘Tysfjord’, StĂĄjggo ‘Steigen’, FuolldĂĄ ‘SĂžrfold’, Fuossko ‘Fauske’, BĂ„dĂ„ddjo ‘Bodþ’ i Noreg og JĂ„hkĂ„mĂ„hkke eller DĂĄlvvadis ‘Jokkmokk’ og JiellevĂĄrre eller VĂĄhtjer ‘GĂ€llivare’ i Sverige.

SprÄkfamilie

Det er ni levande samiske sprÄk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske sprÄk i den uralske sprÄkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske sprĂ„kfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har ĂČg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjĂžfinsk og samisk.

Lulesamisk er eit samisk sprÄk. Den samiske sprÄkgreina har ni levande sprÄk, som blir delte inn i to hovudgrupper: Vestsamisk og austsamisk. Lulesamisk er eit vestsamisk sprÄk, og hÞyrer til undergruppa sentralsamiske sprÄk saman med pitesamisk og nordsamisk.

Dei fleste samiske sprÄka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forstÄelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, pÄ same mÄten som til dÞmes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmÄl, svensk, dansk) og det austersjÞfinske dialektkontinuumet (kvensk, meÀnkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sÞrestisk og livisk). SprÄk som stÄr lenger frÄ kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forstÄelege.

Dialektar

Lulesamisk blir delte inn i fire hovuddialektar:

  • nordleg lulesamisk: Girjas (tidlegare Norrkaitum), Baste čearru (tidlegare Mellanbyn), Unna tjerusj (tidlegare Sörkaitum)
  • sentrallulesamisk: Sirges og JĂ„hkĂ„gaska tjiellde i Jokkmokk i Sverige og Ballangen, tidlegare Tysfjord, HamarĂžy, Steigen, SĂžrfold, delar av Fauske og BodĂž i Noreg
  • skoglulesamisk: GĂ€llivare, Slakka (tidlegare Serri) og Udtja i Sverige
  • sĂžrleg lulesamisk: frĂ„ Tuorpon til Árjepluovve i Sverige

SprÄkhistorie

Rettskrivingsmodellen er etter Knut Bergsland og Israel Ruong frÄ 1948.

Det fĂžrste lulesamiske skriftsprĂ„ket blei etablert av presten Lars Levi LĂŠstadius (1800–1861), som mellom 1839 og 1844 gav ut fire tekstar pĂ„ lulesamisk, mellom anna bĂžkene HĂ„laitattem Ristagasa ja Satte almatja kaskan (1839) ‘Samtale mellom ein kristen og ein ikkje-truande’ og Tåluts Suptsasah, Jubmela pirra ja Almatji pirra (1844) ‘Gamle forteljingar, om Gud og om mennska’. Desse bĂžkene var dei fĂžrste bĂžkene som er skrivne pĂ„ samisk i utgangspunktet – alle tidlegare bĂžker pĂ„ samiske sprĂ„k var omsetjingar.

Karl Bernhard Wiklund (1868–1934) utvikla ei ny rettskriving fĂžrst pĂ„ 1900-talet. Ei tredje rettskriving kom etter andre verdskrigen, utvikla pĂ„ grunnlag av den nordsamiske rettskrivinga til Knut Bergsland (1914–1998) og Israel Ruong (1903–1986) frĂ„ 1948. Ei fjerde rettskskriving vart utarbeidde og beskrivne i Nils Eric Spiiks Lulesamisk grammatik frĂ„ 1977, seinare vedteke av lulesamisk sprĂ„knemnd i 1983 og gjeld bĂ„de for Noreg og Sverige.

31. juli 1994 opna kong Harald Árran – julevsĂĄme guovdĂĄsj ‘Eldstaden – lulesamisk senter’ i Ájluokta/Drag i Tysfjord. Her blir det mellom anna halde kurs i lulesamisk, og senteret har ein barnehage, Árran MĂĄnnĂĄgĂĄrdde, der lulesamisk er hovudsprĂ„ket.

SprÄksystem

Medan vi pĂ„ norsk legg til adverbet ikkje i ei setning for Ă„ uttrykkje nekting, til dĂžmes eg kjem ikkje, har lulesamisk – og andre samiske sprĂ„k og mange andre finsk-ugriske sprĂ„k – eit eige hjelpeverb som tyder ‘ikkje’. Iv, ij, ittjiv og ittjij i venstre kolonne i tabellen nedanfor er bĂžyingsformer av dette nektingsverbet.

Lulesamisk Nordsamisk Norsk
boadáv boađán ‘eg kjem’
boahtá boahtá ‘ho/han kjem’
bĂ„htiv bohten ‘eg kom’
bĂ„dij bođii ‘ho/han kom’
iv boade in boađe ‘eg kjem ikkje’
ij boade ii boađe ‘ho/han kjem ikkje’
ittjiv boade in boahtán ‘eg kom ikkje’
ittjij boade ii boahtán ‘ho/han kom ikkje’

Nektingsverbet blir bĂžygd i person/tal og tid, til dĂžmes slik at iv tyder ‘ikkje+eg+notid’, ij tyder ‘ho/han+ikkje+notid’, ittjiv tyder ‘ikkje+eg+fortid’ og ittjij tyder ‘ikkje+ho/han+fortid’. I ei setning utan nekting blir hovudverbet bĂžygd i person/tal og tid, som vist med dei fire Ăžvste dĂžma i tabellen ovanfor. NĂ„r setninga inneheld eit nektingsverb, stĂ„r derimot hovudverbet i ei uforanderleg form, boade.

TidsbĂžyinga av nektingsverbet har lulesamisk til felles med sĂžrsamisk, umesamisk og pitesamisk, medan andre samiske sprĂ„k alltid uttrykkjer tid i hovudverbet, som vist med nordsamiske dĂžme i tabellen – boađe blir nytta i presens og boahtĂĄn i fortid – medan nektingsverbet berre uttrykkjer person/tid. Lulesamisk har her eit konservativt system, som er blitt borte lenger nord. Interessant nok liknar dei samiske sprĂ„ka nordanfor lulesamisk pĂ„ finsk og nordestisk pĂ„ dette punktet, medan lulesamisk og dei samiske sprĂ„ka lenger sĂžr har det same gamle systemet som sĂžr- og austestisk.

Alfabet

Det lulesamiske alfabetet ser slik ut: Aa, Áå, Bb, Dd, Ee, Ff, Gg, Hh, Ii, Jj, Kk, Ll, Mm, Nn, ƊƋ, Oo, Pp, Rr, Ss, Tt, Uu, Vv, Ă…Ă„, Æ/Äé/Ă€. Bokstaven Æé blir nytta i Noreg og ÄÀ i Sverige.

Det lulesamiske lydsystemet liknar det nordsamiske, men lulesamisk nyttar ikkje bokstavane Cc, Čč, Ć ĆĄ, Zz, ĆœĆŸ. Lydane [ð] og [Ξ], som blir skrivne Đđ og ƊƧ pĂ„ nordsamisk, finst ikkje i lulesamisk. Lulesamisk tjietjav tsitsĂĄtja ‘sju smĂ„ sporvar’ kan jamfĂžrast med nordsamisk čieĆŸa cizĂĄĆŸa.

LÄnord

Den svenske fjellbygda Kvikkjokk ligg i Jokkmokk kommune. PĂ„ svensk har staden eit namn – Kvikkjokk – som har opphav i det lulesamiske GuojkkajĂ„hkĂ„ ‘Fosselva’, eit eldre namn pĂ„ elva som no heiter GamĂĄjĂ„hkĂ„ ‘Bulderelva’ pĂ„ lulesamisk og Kamajokk pĂ„ svensk. Det budde berre samar i Kvikkjokk fram til 1659, dĂ„ det blei oppdaga sĂžlvmalm pĂ„ staden. Snart blei det bygt ei smeltehytte der, og det svenske ordet hyttan er opphavet til det lulesamiske namnet pĂ„ staden – HuhttĂĄn.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Harald Grundström: Lulelapsk ordbok (Lulelappisches Wörterbuch). Waverly Press, Baltimore 1954
  • Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, KĂĄrĂĄĆĄjohka 1998 (sidene 153–156 handlar om lulesamisk)
  • Nils-Eric Spiik: Lulesamisk grammatik. Sameskolstyrelsen, LuleĂ„ 1989
  • Nils-Eric Spiik: Lulesamisk ordbok: svensk–samisk. Sameskolstyrelsen, Jokkmokk 1994

Kommentarar (2)

skreiv Johannes Hove-Henriksen

Kven er det som forvaltar lulesamisk sin grammatikk. For det norske sprÄket er forvaltet av SprÄkrÄdet. Er det eit sprÄkrÄd for lulesamisk?

svarte Svenn-Egil Knutsen DuolljĂĄ

Det er lulesamisk sprÄkutvalg (etablert i mars 2023) som har ansvaret for normeringsarbeidet. Lulesamisk sprÄkutvalg er en del av det fellesnordisk sprÄksamarbeidet. Virksomheten heter Såme Giellagålldo, og som ogsÄ har ansvaret for sÞr, lule, nord-, enare- og skoltesamisk sprÄk.

Forrige onsdag (10.10.2023) hadde utvalget normeringsmÞte i Mo i Rana. Lulesamisk rettskrivingsbok "Julevsåme tjållemnjuolgaduså" var blant sakene pÄ sakskartet, hvor ogsÄ boken ble enstemmig godkjent/normert.

Mer om SĂĄme GiellagĂĄlldo:
SĂĄme GiellagĂĄlldo er en selvstendig virksomhet etablert av Sametingene i Finland, Sverige og Norge. Praktisk og administrativt er SĂĄme GiellagĂĄlldo tilknyttet Sametinget i Norge som vertskap, men ledes av et eget styre hvor de tre sametingene har lik innflytelse.

Såme Giellagålldos styre etablerte i mars 2023, fem sprÄkutvalg (samme som fra Interreg prosjekt-perioden 2013-2018): sÞrsamisk, lulesamisk, nordsamisk, enaresamisk og skoltesamisk sprÄkutvalg. I nÊrmeste framtiden skal det ogsÄ etableres pitesamisk og umesamisk sprÄkutvalg.

Det er beregnet 12 Ärsverk til administrative ressurser. Dette inneholder direktÞrens, HR-seniorrÄdgiver, kommunikasjonsrÄdgivers og ni rÄdgiver- eller seniorrÄdgiverstillinger som har ansvar for sprÄkfaglig arbeid: 2 i sÞrsamisk, 2 i lulesamisk, 3 i nordsamisk, 1 i enaresamisk, 1 i skoltesamisk. Organisering av pite- og umesamisk normeringsarbeid er under utredning.

Administrasjonen forbereder normeringssaker og/eller termlister til de nevnte sprÄkutvalgene. Hvert sprÄkutvalg har ansatte med fagkunnskaper innen det respektive samiske sprÄket, og som forbereder saker til sprÄkutvalgsmÞtene.

SĂĄme GiellagĂĄlldos direktĂžr er Mika Saijets.
e-post: info@giellagaldu.org
www.giella.org
https://www.facebook.com/SamiGiellagaldu/

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.

Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.

eller registrer deg