Hopp til innhald

Montenegro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Montenegro
Црна Гора
Crna Gora
Adjektiv: montenegrinsk
Motto Ikkje noko
Nasjonaldag 13. juli
Nasjonalsong «Oj, svijetla majska zoro»
Hovudstad Podgorica
Offisielle språk montenegrinsk
 •  Andre språk i bruk albansk, bosnisk, kroatisk, serbisk
Flatevidd 13 883 km²
 •  vatn 1,5 % km²
Folketal 617 213 (2022)[1]
Historie  
 •  Fyrstedømet
     Montenegro
13. mars 1852
 •  Berlin-traktaten 13. juli 1878
 •  Kongeriket
     Montenegro
28. august 1910
 •  Kongeriket
     Jugoslavia
1. desember 1918
 •  SFR Jugoslavia 29. november 1945
 •  Serbia og
     Montenegro
27. april 1992
 •  Sjølvstende 3. juni 2006
Styresett Parlamentarisk republikk
 •  President Jakov Milatović
 •  Statsminister Milojko Spajić
BNP 5 861 430 526 US-dollar (2021)[2]
HDI 0,832 (2021)[3]
Gini 29,4 (2023)[4]
Tidssone UTC +1
 •  Sommartid UTC +2
Valuta Euro
Telefonkode +382
ISO 3166-kode ME
Toppnivådomene .me
Wikimedia Commons: Montenegro

Montenegro[a] er eit land på Balkan i Aust-Europa.[5] Det grensar til Serbia i nordaust, Kosovo i aust, Albania i søraust, Bosnia-Hercegovina i nordvest og Kroatia i vest og har kyst mot Adriahavet i vest. Hovudstad og største by er Podgorica, medan Cetinje har status som Prijestonica, «det gamle kongelege setet».

Landet var eit serbisk fyrstedøme seint i mellomalderen og fekk sjølvstende frå Det osmanske riket i 1878. Frå 1918 var Montenegro ein del av dei forskjellige utgåvene av Jugoslavia og i statsunion med Serbia og Montenegro etter 2003. I røynda fungerte Serbia og Montenegro som to åtskilde statar på dei fleste område. Ei folkerøysting i landet 21. mai 2006 gjekk inn for oppløysing av samveldet med Serbia, så vidt det var. Montenegro vart åtskilt frå Serbia 3. juni 2006, og vart då ein eigen sjølvstendig stat. Same månad vart landet det 192. medlemslandet i Dei sameinte nasjonane[6] og det 47. medlemmet i Europarådet.[7]

For meir om dette emnet, sjå Montenegrinsk geografi.
Kart over Montenegro

Terrenget i Montenegro varierer frå høge toppar langs grensene til Serbia og Albania med karstlandskap til ei smal kystslette som berre er 4–6 km brei langs Adriahavet. Kystlinja til Montenegro er 294 km lang, der den lange Kotorbukta medverkar ein god del. Sletta stoppar brått i nord der fjella Lovćen og Orjen stupar ned mot Kotorbukta.

Montenegro ligg i eit karstområde og store delar av landet ligg tusen meter over havet, og fleire fjell strekkjer seg over 2000 meter. Zetadalen er eit av dei lågaste områda innanfor kysten.

Montenegro er eit av dei mest kuperte landa i Europa og eit av dei høgaste fjella er Bobotov Kuk i Durmitor-fjella med ei høgd på 2 522 meter over havet. Ein meinte lenge at dette var det høgaste fjellet i landet før nye målingar viste at Zla Kolata i Prokletije var høgare med 2 534 moh.

Den største innsjøen i landet er Shkodërsjøen på 391 km² som Montenegro deler med Albania. I Montenegro har elva Tara grave ut ei kløft, Tarakløfta, som er den djupaste kløfta i Europa med 1 300 meter på det meste. Dette er òg den nest djupaste kløfta i verda etter Grand Canyon i Arizona.

Montenegro har eit middelhavsklima med milde vintrar og solrike, varme somrar. Like innanfor kysten ligg Dei dinariske Alpane, og når mild havluft frå Middelhavet strøymer vestover og inn over Montenegro kan ein få liknande forhold som på Vestlandet i Noreg. Dette området er derfor blant dei våtaste i Europa. Om vinteren kan derimot den kalde boravinden føre kald luft frå Aust-Europa innover Montenegro, og ein får nokre kalde dagar. Podgorica har ein nedbørsnormal på 1617 mm i året.

Montenegro i 1913.
Gamlebyen i Kotor og Kotorbukta.
Elva Morača.
Foto: Diego Delso

På midten av 1000-talet fekk fleire land sjølvstende frå Austromarriket, og området som seinare vart Montenegro vart då ein del av kongedømet Duklja. I 1186 vart Duklja innlemma som ein provins i Kongedømet Serbia av storfyrsten Stefan Nemanja. Ein føregangar til dagens Montenegro i seinmellomalderen var det serbiske fyrstedømet Zeta, som fekk sjølvstende frå Serbia i 1371, sjølv om det alt under fyrst Balša I sidan 1356 i praksis hadde sjølvstende. Området vart erobra av Det osmanske riket i år 1496. Montenegro fekk sjølvstende frå Det osmanske riket etter Berlinkongressen i 1878.

Ein av dei eigentlege grunnleggjarane av Montenegro var den montenegrinske biskopen Danilo Petrović-Njegoš (1697-1735), som avskaffa den folkelege valretten, slik at kvar vladika (fyrstbiskop) sjølv fekk peike ut etterfølgjaren sin. Etter den tid kom huset Petrović-Njegoš til å styre fram fram til 1918, då landet vart okkupert av Serbia. Danilo hadde nære samband med Russland og var med på å forme framtida til landet. Han regjerte i Montenegro fram til etter den første verdskrigen.

Den første grunnlova vart skriven i 1905, og 28. august 1910 vart den yngste monarken i Europa, Nikola I av Montenegro krona til konge. Landet vart hardt råka av den første verdskrigen då dei støtta serbarane mot Austerrike-Ungarn. Etter at den serbiske hæren dreiv ut austerrikarane mot slutten av krigen okkuperte dei Montenegro den 29. november 1918, og landet vart ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar, som seinare endra namn til Jugoslavia.

Då Jugoslavia braut saman på byrjinga av 1990-talet var Montenegro og Serbia dei einaste republikkane som ikkje braut med forbundet og erklærte sjølvstende. At Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Makedonia valde å forlate forbundet var sentralregjeringa i Beograd i Serbia sterkt imot og fleire krigar følgde i åra etter. Jugoslaviakrigane og Montenegro var i lag med Serbia ein stridande part i samtlege krigar (utanom den væpna konflikten i Republikken Makedonia)

I byrjinga av 2000-talet frigjorde Montenegro seg frå Serbia og i februar 2003 vart føderasjonen Jugoslavia erstatta av den svake statsunionen Serbia og Montenegro. Montenegro tok så eit symbolsk steg mot auka sjølvstende med å innføre eit nytt flagg og nasjonaldag i 2004. I mai 2006 var det folkeavstemming i landet og det montenegrinske folket valde å bryte unionen med Serbia og erklære seg sjølvstendig, noko som skjedde 3. juni 2006. 5. juni braut Serbia unionen, som då vart offisielt oppløyst og 15. juni vart Montenegro sitt sjølvstende respektert. 28. juni vart Montenegro medlem av SN.

Montenegro er ein offisiell kandidat for å verte medlem av EU.

  1. ↑ montenegrinsk og serbisk Црна Гора, Crna Gora, albansk Mali i Zi
  1. ↑ https://www.monstat.org/uploads/files/demografija/pr.kretanje/2022/Vital%20statistics%20in%20Montenegro%202022.pdf. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  2. ↑ . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  3. ↑ «Human Development Report». 2022.
  4. ↑ https://www.monstat.org/uploads/files/SILC/2023/Saop%C5%A1tenje_Anketa_o_dohotku_i_uslovima_%C5%BEivota_EU-SILC_2023.pdf. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  5. ↑ «Montenegro» i Store norske leksikon, snl.no.
  6. ↑ Liste over medlemsland i SN
  7. ↑ Montenegro i Europarådet

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Montenegro