Hopp til innhald

Usbekistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Usbekistan
O‘zbekiston Respublikasi
Ўзбекистон Республикаси
Adjektiv: usbekisk
Motto Yo’q
Nasjonaldag 1. september
Nasjonalsong «O‘zbekiston Respublikasining Davlat madhiyasi»
Hovudstad Tasjkent
Offisielle språk usbekisk
 •  Minoritetsspråk karakalpakisk
Flatevidd 448 978 km²
Folketal 34 915 100 (2021)[1]
Sjølvstende frå
Sovjetunionen
1. september 1991
(off. 8. desember 1991)
Styresett Semipresidentiell republikk
 •  President Shavkat Mirziyoyev
 •  Statsminister Abdulla Aripov
BNP 69 238 900 000 US-dollar (2021)[2]
HDI 0,727 (2021)[3]
Gini 35,3 (2003)[4]
Valuta Usbekisk soms
ISO 3166-kode UZ
Wikimedia Commons: Uzbekistan
Kart over Usbekistan.

Usbekistan,[a] offisielt Republikken Usbekistan,[b] er det folkerikaste landet i Sentral-Asia, med over 30 millionar innbyggjarar[5]. Det grensar til Kasakhstan i nord, Kirgisistan og Tadsjikistan i aust, Afghanistan i sør og Turkmenistan i vest.

Av di denne delen av Sentralasia sidan slutten av 1800-talet hadde vore underlagt den russiske tsaren, vart Usbekistan ein delrepublikk av Sovjetunionen. Den 1. september 1991 sa landet seg uavhengig.

Usbekistan er ein fattig og uroleg del av Asia.[treng kjelde] I tillegg til usbekarar bur det for det meste russarar og tadsjikar i republikken. Mange av innbyggjarane er sterkt misnøgde med regimet, som har blitt skulda for korrupsjon, vanstyre og grove brot på menneskerettane.[treng kjelde] President Islom Karimov hevdar på si side at dei som demonstrerar mot han, er muslimske fundamentalistar.

Den politiske situasjonen tilspissa seg våren 2005, og fredag den 13. mai starta eit folkeopprør i Andijon heilt aust i landet, som snart spreidde seg til grensebyen Kara Su, der det vert rapportert at rasande folkemengder sette regjeringsbygga i brann. Presidenten sine tryggingsstyrkar svarte med å skyta mot opprørarane, og somme kjelder melder at fleire hundre menneske vart drepne og så mange som 2 000 såra i den fyrste samanstøyten. Styresmaktene i Usbekistan har no gjort det forbode for innbyggjarane å sjå utanlandske nyhende på fjernsyn, men tusenvis av menneske er allereie på flukt for å koma seg bort ifrå det som mange fryktar vil bli eit blodbad, ettersom ein ikkje reknar med at presidenten vil gå av.

Satellittbilete over Usbekistan.

Klimaet i Usbekistan er særs tørt med et kontinentalt preg. Støv er kanskje det mest alvorlege klimatiske problemet i Usbekistan. Kvar vår vert store støvskyer piska opp frå Karakumørkenen. Dei kjem ofte i samband med torevêr som gjev lite eller ingen nedbør. Områda rundt dei nordlege fjellsidene, som i Tasjkent, har størst sjanse for å få litt snø eller regn. Dei har derimot episodar med fønvind som gjev nokre varmare dagar og ein pause frå kulda som sig sørover frå Russland. Om vinteren kan sjølv dei sentrale ørkenområda få nokre dagar med lett snø og ein god del overskya vêr. Sjølv om det aldri vert lummert er det overraskande mykje fukt i lufta om sumaren, som elles er så godt som utan nedbør. Den relative fukta er låg fordi temperaturen er høg, og enkelte dagar kan det bli opp i 45 °C. Hausten kjem raskt og gjev ei blanding av gode temperaturar, mykje sol og lite nedbør.

Gjennomsnittstemperaturen for januar er for store delar -14 °C, men temperaturar under -38 °C er ikkje uvanleg. I store delar av landet er gjennomsnittstemperaturen om sumaren kring 32 °C, somme stader har periodevis over 50 °C. Årleg middelnedbør er 200 mm.

  1. ↑ usbekisk O`zbekiston, kyrillisk skrift Ўзбекистон, أۇزبېكیستون på afghansk usbekisk; uttalt [ˈɤ̟zbekistɒn]
  2. ↑ usbekisk O‘zbekiston Respublikasi, kyrillisk skrift Ўзбекистон Республикаси
  1. ↑ World Bank Open Data, Verdsbanken, Wikidata Q21540096
  2. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD?most_recent_value_desc=false. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  3. ↑ «Human Development Report». 2022.
  4. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI?locations=UZ. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  5. ↑ Численность Республики населения по состоянию на 1 июля 2013 года, Государственный комитет Республики Узбекистан по статистике-(vitja 4/11-2013)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Usbekistan