Shkodran Mustafi
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 17. april 1992 (34 år) | ||
| Fødestad | Bad Hersfeld | ||
| Høgd | 184 cm | ||
| Posisjon | Forsvarsspelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Sampdoria | ||
| Nummer | 8 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 2006-09 2009-11 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2009-12 2012- |
|
0 (0) 49 (1) | |
| Landslag | |||
| 2013- 2014- |
|
7 (0) 1 (0) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 13. mai 2014 | |||
Shkodran Mustafi (fødd 17. april 1992 i Bad Hersfeld i Hessen) er ein tysk tidlegare fotballspelar som i 2014 vart verdsmeister med Tyskland. Midtstopparen gjorde i tida 2012-23 teneste for fotballklubbar i Italia, Spania, England og ei kort tid i Tyskland.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Mustafi debuterte i italienske Serie A våren 2012 for Sampdoria. Etter to sesongar med det spanske La Liga-laget Valencia CF, vart han i august 2016 overført til engelske Arsenal FC mot, etter seiande, 41 millionar euro. London-klubben tok seg til fleire finalar i perioden, utan Mustafi fekk med seg ein einaste. Vårsesongen 2021 spelte han for tyske Schalke 04, ein sesong som enda med nedrykk. Sesongane 2021-23 fekk Mustafi heller lite speletid i spanske UD Levante, og la opp.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Mustafi fekk landslagsdebuten sin for Tyskland i mai 2014. Under verdsmeisterskapen i Brasil deltok han i tre av kampane for det tyske mannskapet som enda opp som vinnar av turneringa. I 2016 var han med i to av kampane i europameisterskapen, sist som innbytar då Tyskland tapte semifinalen mot Frankrike. 8. oktober 2017 spelte han sin 20. og siste landskamp. Han skåra 2 landslagsmål, det fyrste i EM-kampen mot Ukraina 12. juni 2016.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 2014 for Tyskland
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Shkodran Mustafi» frå Wikipedia på engelsk, den 2. august 2026.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |