Perfektiv er i grammatikken namnet pÄ ei verbform som presenterer ei handling som ein fullfÞrt heilskap, i fortid, notid eller framtid. Perfektiv hÞyrer til den grammatiske kategorien aspekt og stÄr i motsetnad til imperfektiv.
Norsk har ikkje perfektiv, men sprÄk som har perfektive verbformer, brukar dei ved las i den fÞrste setninga nedanfor, men ikkje i den andre, der dei ville bruke ei imperfektiv verbform:
- I gÄr las eg ein roman. Mens eg las han, banka det pÄ dÞra.
Dersom desse setningane blir omsette til engelsk og fransk, kjem skilnaden fram:
- Yesterday I read a novel. As I was reading it, there was a knock on the door.
- Hier, jâai lu un roman. Pendant que je le lisais, on a frappĂ© Ă la porte.
Det stÄr meir om perfektiv og imperfektiv i mellom anna engelsk og fransk nedanfor.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.
Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.