Teikning av oselvar
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Foto av fem trebĂ„ter i ulike stĂžrrelser som ligger pĂ„ vannet. Årene er lagt i Ă„regangene og sĂ„ vridd med hĂ„ndtakene ned i bĂ„tene og Ă„rebladene langs utsiden.
Ulike storleikar i Oselvar-familien, frÄ venstre tolvÊring (6 Ärepar), Ättring (4 Ärepar), seksÊring (3 Ärepar), fÊring (2 Ärepar) og til hÞgre ein Êring (1 Ärepar). Foto:
Av .

Oselvar er ein klinkbygd, tradisjonell bĂ„ttype frĂ„ Hordaland. BĂ„ttypen har vakse fram etter ei utvikling som strekkjer seg over fleire tusen Ă„r. SjĂžlve oselvar-omgrepet stammar frĂ„ der bĂ„tbyggjarane JĂžrgen TĂžsdal (1717–1784) og Lars TĂžsdal (1726–1802) hadde verkstadene sine, ved utlĂžpet av Oselva.

Faktaboks

OgsÄ kjend som
oselver

I 2009 vart oselvaren kÄra til Noregs nasjonalbÄt, og i 2016 var oselvaren bygging og bruk av oselvaren innlemma i UNESCO si liste over immateriell kulturvern.

I dag vurderer ein at for Ă„ reknast som ein Oselvar mĂ„ ein bĂ„t vera bygt etter det gamle norske alnemĂ„let (21 norske tommar), samt lokal byggjemĂ„te og tradisjon frĂ„ omlandet kring BjĂžrnafjorden og Lysefjorden. Eit vesentleg element i oselvartradisjonen er at kvar bĂ„t vert individuelt tilpassa til kvar einskild kunde. For Ă„ kunne gjera det, disponerer bĂ„tbyggjaren eit sett reglar for korleis han kan variera bĂ„ten, for at han skal fĂ„ dei eigenskapane som kunden etterspĂžr. Det er likevel dialogen mellom kunde og bĂ„tbyggjar som avgjer korleis bĂ„tbyggjaren til sist byggjer bĂ„ten. Seinare kan det ĂČg gjerast tilpasningar av bĂ„ten frĂ„ bĂ„tbrukaren si side.

Oselvarnamnet

Dei to bÄtbyggjarane ved namn TÞsdal skal kring 1750 ha vore dei einaste som dreiv bÄtbygging som nÊringsveg i Os. Etter dette vart bÄtane pÄ folkemunne kalla oselvar. Likevel vart bÄtane lenge etter dette oftast nemnde etter bÄtbyggjaren sin heimstad, bruksomrÄdet eller storleiken til bÄten. FÞrst kring 1900 vart oselvar eit vidkjent samnamn pÄ bÄttypen.

Konstruksjon

Teikning av oselvar
.
Lisens: fri

Oselvaren vert bygt av furu og eik, lengda kan variera frĂ„ 8 til 18 bĂ„talner (totallengd 4,5–10,0 m).

Dei vanlegaste storleikane er fĂŠring (9–11 bĂ„talner) og seksĂŠring (11–13 bĂ„talner), men ein finn ĂČg bĂ„de mindre og stĂžrre utgĂ„ver: ĂŠring (8–9 bĂ„talner), Ă„ttring (12œ–14 bĂ„talner) og laromsbĂ„t (12œ–18 bĂ„talner).

FĂŠringar vert bygde med tre bordgangar og tre band, med betar over dei to fremste. StĂžrre bĂ„tar kan ĂČg ha kjĂžlrenne (vanleg frĂ„ 11œ bĂ„talners lengd), meir innved, todelt bĂžrabord og todelt ripebord. Esingane ligg inne i bĂ„ten langs Ăžvre kanten pĂ„ ripebordet og gĂ„r frĂ„ rong til rong. Alle skaringar stĂ„r medstraums, bortsett frĂ„ skaringa mellom bakhalsen og botnabordet, som stĂ„r motstraums. Utsida av eit halsbord i nedste bordgangen er konkav og endrar seg frĂ„ Ă„ vera nĂŠrmast loddrett i innlĂžpet med visinga pĂ„ lĂČtet, til Ă„ nĂŠrma seg vassrett der halsen mĂžter botna- og bĂžrabord. Forma til halsane er dermed vridd, ei nĂŠrliggjande samanlikning kan vera propellbladet, eller kanskje mest skjeret pĂ„ ein plog.

Bruk

Som bruksbĂ„t har oselvaren vore mykje nytta til transport av folk, varer, dyr og ikkje minst til fiske. BĂ„ttypen har ĂČg ei lang soge som lyst-, sports- og motorbĂ„t. Motor vert teken i bruk pĂ„ bĂ„ttypen fra 1905.

Oselvarar har vore nytta til lystbruk sidan fĂžr 1810, organisert kapproing sidan 1847 og organisert kappsegling sidan 1871. Sidan 1978 har det vore arrangert Noregsmeisterskap i oselvarsegling.

Utenom den organiserte aktiviteten er bÄttypen mye brukt som fritidsbÄt og er Ä finne pÄ en rekke museer, bÄde i Norge og i utlandet.

Historikk

Foto av tre Äpne trebÄter pÄ sjÞen. I hver bÄt sitter to personer som ror med lange Ärer. BÄtene har smale, langstrakte skrog med oppbÞyde stevner. BÄten nÊrmest kamera er i lyst tre. De to andre bÄtene er mÞrkere. Bak bÄtene strekker det seg en kystlinje med hÞye, snÞdekte fjell.

Tre klinkbygde bÄtar. Bakerst er ein oselvar bygt i 2002. I midten er ein kopi av fÊringen frÄ Gokstad (frÄ omtrent 900 evt.). NÊrmest kamera er ein rekonstruksjon av HalsnÞybÄten (frÄ omtrent 300 evt.).

Klinkbygde bÄter pÄ sjÞen ved Island
Av .

BÄtbyggjarar av oselvarar organiserte seg i 1898. Hundre Är seinare, i 1997, opna Oselvarverkstaden, som ein stad for Ä vidarefÞra bÄtbyggjarhandverket.

I 2009 vart oselvaren kÄra til Noregs nasjonalbÄt og Oselvarverkstaden vart innvigd som Economuseum.

I 2016 vart bygging og bruk av oselvar innlemma i UNESCO si liste over immateriell kulturvern, som fyrste element frÄ Norden. I 2021 vart nordiske klinkbÄttradisjonar, som oselvaren er ein del av, innskriven pÄ UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Olav LĂžvaas

Under «Historikk» stĂ„r det: «I dag regner man at en bĂ„t mĂ„ vĂŠre bygd etter det gamle norske alnemĂ„let (21 norske tommer), lokal byggemĂ„te og tradisjon fra omlandet fra omlandet rundt BjĂžrnefjorden og Lysefjorden for Ă„ regnes som en oselver». Hvem er «man» i dette tilfellet? Stort sett er det bare lengden av bĂ„ten som mĂ„les i alen og med en nĂžyaktighet pĂ„ noen tommer. AltsĂ„ ikke veldig nĂžyaktig, men for sĂ„ vidt mer enn godt nok. Er det slik at en oselver bygd etter det metriske mĂ„lesystem ikke kan kalles en oselver fordi mĂ„lesystemet ikke er basert pĂ„ alen? I sĂ„ fall vil jeg nevne at i dokumentet «KLASSEREGLER FOR SEILBÅTER AV OSELVAR TYPEN», er alle oppgitte mĂ„l metriske og da er det underlig at ikke bĂ„ten skal kunne bygges etter det samme mĂ„lesystem som man kontrollmĂ„ler bĂ„ten etter. Hvordan har man eventuelt tenkt Ă„ verifisere om en bĂ„t er bygd etter et bestemt mĂ„lesystem? Olav LĂžvaas https://www.facebook.com/profile.php?id=100010793713051&ref=br_rs

svarte Stig Arild Pettersen

Hei, Olav! ForeslÄr at du kontakter forfatteren av artikkelen, som ogsÄ er en av Norges fremste Oselver-eksperter, Kjell Magnus Økland fra Tysnes. Du finner ham her: https://kjellmag.no/ Mvh, seiler og redaktÞr Stig Arild.

svarte Olav LĂžvaas

Det gir liten mening Ä beskrive/definere en bÄttype ut fra kriterier som i etterkant ikke kan brukes til Ä identifisere/ gjenkjenne bÄttypen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.

Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.

eller registrer deg