Damhegre er ein fugleart i hegrefamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Ardeola speciosa
- Beskriven av
- (Horsfield, 1821)
Arten er knytt til overfløymd jordbruksland, mangroveskog og ulike våtmarkshabitat. Damhegre lever i stor grad av virvellause dyr (invertebratar), vekselvarme virveldyr og fisk.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.