I starten av 1940-Ă„ra tok Dorsey med seg Jackson rundt i ulike kyrkjer og pĂ„ turnear over heile Amerika. Ho hadde allereie dĂ„ gitt ut sitt fyrste album med plateselskapet Decca i 1937, eit samarbeid som ikkje fortsette dĂ„ Jackson nekta Ă„ synge noko anna enn kristne tekstar. Det gjekk ni Ă„r fĂžr ho gav ut eit nytt album, men Jackson hadde likevel no â som ei av dei fĂžrste kvinnene â skapt seg ein karriere som gospelsongar. Det gjekk gjetord om henne, og ho samla store folkemasser over alt. I 1950 vart ho den fĂžrste kvinnelege gospelsongaren som fekk synge i Carnegie Hall i New York.
PĂ„ 1950-talet hadde Jackson sin fĂžrste Europa-turnĂ©, eit tydeleg teikn pĂ„ at ho no var teke inn i varmen bĂ„de av kvite amerikanarar og europearar. I lĂžpet av karrieren reiste ho fleire gonger til Europa, der ho song for fulle hus. Jackson vart i Europa rekna som ei av dei stĂžrste amerikanske stemmene. I Noreg gjorde albumet Silent Night â Songs for Christmas (1962) stor suksess. Det vart eit av dei bestselgande albuma i Noreg pĂ„ den tida.
I 1954 hadde ho bÄde sitt eige radio- og TV-show. Ho opptrÄdte mange gonger i ulike TV-show, og gav mange intervju. Jackson sin popularitet gjorde at ho tente gode pengar, ho hadde eigne presseagentar og turnéarrangÞrar, og etter kvart vart ho for dyr for dei svarte kyrkjene. Ho song i store konsertlokaler, pÄ ute-scenar og i kyrkjer, og konsertane kunne vare lenge, gjerne med 25 songar pÄ settlista. Likevel var ho sterkt engasjert i dei svarte sine rettar og nÞlte ikkje med Ä opptre gratis dersom det var saker ho brann for, mellom anna utdanning for svarte kvinner.
I lĂžpet av 1960-talet fekk Jackson alvorlege helseproblem, med fleire hjarteattakk, og ho mista mykje vekt. Ho greidde ikkje halde oppe energinivĂ„et ho var kjent for, og mista ein del popularitet. Dette hadde ogsĂ„ med at meir moderne gospel fekk sitt inntog, ein sjanger Jackson uttrykte at ho ikkje forstod. Det var dei tradisjonelle songane, sĂŠrleg Dr. Watt sine hymner, ho ynskte Ă„ synge. Men ho stoppa ikkje Ă„ opptre og dei siste Ă„ra fĂžr ho dĂžydde var ho framleis aktiv trass i eit dĂ„rleg hjarte. Ho dĂžydde brĂ„tt i 1972, 60 Ă„r gamal. Begravelsesseremonien tok stad to stader: i kyrkja Jackson gjekk i dĂ„ ho fĂžrst kom til Chicago â Greater Salem Baptist, og i kyrkja ho vakste opp i i New Orleans. Her vart ho ogsĂ„ gravlagt. Aretha Franklin song «Take my hand, precious Lord» i begravelsen hennar.
Kommentarar (4)
skreiv Jan Sverre Knudsen
Artikkelen trenger revisjon og gjerne litt utvidelse. Den bĂžr ha lenker og "Les mer i SNL" til blues, jazz, gospel, spirituals, og afrikansk-amerikansk musikk (foretrukket begrep framfor afroamerikansk musikk).
svarte Ola Nordal
Hei Jan Sverre. Denne artikkelen stÄr pÄ lista over artikler som snarlig skal oppdateres. Jazz-artiklene har ligget uoppdaterte en stund, men jeg har tenkt Ä fÄ gÄtt gjennom dem i lÞpet av 2020. Alt godt fra Ola i SNL-redaksjonen
skreiv Steinar SĂŠtre
Det er notert....jeg er pÄ saken.
svarte Gunhild Rolfsnes
Artikkelen er no oppdatert. Eg tek gjerne imot kommentarar og forslag til endringn/ forbetring.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.
Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.