Norske folkeviser er eit verk pĂ„ rundt 900 sider og inneheld kring 100 mellomalderviser (balladar), blant dei Draumkvedet i ei redigert form og i ei oppskrift etter kvedaren Maren Ramskeid, og viser som Ă
smund frĂŠgdegjeva, Roland og Magnus kongen, Liti Kjersti og Bendik og Ă
rolilja. Boka inneheld ĂČg nokre nyare bygdeviser, stev, leikar og barnerim, dessutan eit notetillegg ved folkeminnesamlaren Olea CrĂžger. For norske forfattarar sidan 1850-Ă„ra har Norske folkeviser vore ei gullgruve og har verka inspirerande gjennom bĂ„de stoff og stil.
I forordet til Norske folkeviser karakteriserer Landstad samlinga som eit bergingsprosjekt â som «at redde et gammelt Familiesmykke ud af det brĂŠndende Huus». Han peikar pĂ„ at det er den grundige kjennskapen hans til folket i Ăvre Telemark som gjer at han kan makte oppgĂ„va. Olea CrĂžger, historikaren Peter Andreas Munch og sprĂ„kforskaren Ivar Aasen var viktige konsulentar for verket.
Norske folkeviser hadde ein trong fÞdsel, i konkurranse med eit planlagd viseprosjekt som JÞrgen Moe og boktrykkar Peter Tidemand Malling stod bak. Moe og Malling prÞvde Ä presse Landstad ut, og eit visemanuskript som Olea CrÞger i 1842 sende til Malling med tanke pÄ utgjeving, vart ikkje returnert. I den sprÄklege attgjevinga av visene hadde Landstad fÞrst tenkt Ä fÞlgje uttalen, men valde i samrÄd med Peter A. Munch ei hÞgtidssam og arkaiserande norm, i retning av norrÞnt.
Norske folkeviser er ikkje noko vitskapleg verk, og dette fekk Landstad kritikk for. Men skuldingane om at han hadde kasta originaloppskrifter og nÊrmast smurt i hop visetekstane sjÞlv, var grunnlause; originaltekstane har seinare kome for dagen. Landstads samling er eit uttrykk for bÄde nasjonalromantikk og nasjonsbygging pÄ midten av 1800-talet. Boka skulle fylle fleire oppgÄver: dels leggje fram litterÊrt arvegods, dels gjennom ei stilrein sprÄkform trekke linjer tilbake til norrÞn sagatid, dels verke nasjonalt samlande.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.
Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.