Hopp til innhald

Verdsmusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmusikk (engelsk world music) er ei nemning som i regelen dekkjer all musikk som ikkje fell inn under kategoriane vestleg popmusikk, vestleg klassisk musikk, eller musikkformer av amerikansk opphav, slik som jazz, hip-hop, country og rock.

Nemninga vart skapt på midten av 1980-talet[1][2] av den britiske platebransjen for å kategorisere musikk som fall utanfor kategoriane nemnt ovanfor. Kategorien har vokse til å omfatta undersjangrar som ethnic fusion (Clannad, Ry Cooder, Enya osb.)[3] og worldbeat.[4][5]

Verdsmusikk kan òg brukast om popmusikk frå Afrika, Asia og Latin-Amerika, vestleg popmusikk som nyttar element frå dei nemnde kontinenta, og tradisjonsmusikk, som regel frå utanfor Europa og USA, men ikkje utelukkande. Nemninga vert nytta ulikt i ulike land, og det er ikkje uvanleg at popmusikk på fransk vert kategorisert som «world music» i amerikanske platebutikkar.

Omgrepet har vorte kritisert for å vere eurosentrisk og upresist, og for å vere lite egna for klassifisering av musikk. Utifrå eit musikalsk eller kulturelt synspunkt er det i utgangspunktet ingen fellestrekk mellom dei ulike musikksjangrane som fell inn under kategorien verdsmusikk.[6]

  1. ↑ Erlmann, Veit (1996). «Aesthetics of the Global Imagination: Reflections on World Music in the 1990s». Public Culture. Vol. 8, no. 3. s. 467–488.
  2. ↑ Frith, Simon (2000). «The Discourse of World Music». I Born and Hesmondhalgh (red.). Western Music and Its Others: Difference, Representation, and Appropriation in Music. University of California Press.
  3. ↑ «Ethnic fusion Music». AllMusic. Arkivert frå originalen den 29. april 2012. Henta 16. april 2020.
  4. ↑ «Worldbeat». AllMusic. Arkivert frå originalen den 3. mai 2012. Henta 16. april 2020.
  5. ↑ «World Fusion Music». Worldmusic.nationalgeographic.com. Arkivert frå originalen 14. mars 2012.
  6. ↑ Byrne, David (3. oktober 1999). «Crossing Music's Borders in Search of Identity; 'I Hate World Music'». The New York Times (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. april 2011. Henta 15. desember 2016.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Verdsmusikk