Hopp til innhald

Skog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blanda bar- og lauvskog i Śnieżnikafjella i Sudetane.
Furuskog i Ķegums kommune i Latvia.
Bar lauvskog vinterstid
Temperert regnskog i Hellyer Gorge på Tasmania.
Tett, jamn urskog av bøk (Fagus sylvatica) som er klare til å bli regenererte av småtre i undersjiktet, i Brussel-delen av Forêt de Soignes/Zoniënwoud.
Tornete skog ved Ifaty på Madagaskar, med ulike artar av Adansonia (baobab), Alluaudia procera og annan vegetasjon.
Proporsjonen og fordelinga av dei globale skogareala etter klimadomene, 2020.[1]

Skog er eit økosystem som er karakterisert av eit tett fellesskap av tre.[2] Mindre tredekte område i eit elles ope landskap blir kalla «lund» eller «holt». Ein vill og uframkomeleg skog kan kallast «jungel», eit omgrep som også i stor grad er blitt nytta om tropisk regnskog.

Skogar høyre heime i område der nedbøren er større enn fordampinga. Om det på eit gitt område med klimatiske føresetnader for skogdanning på eit tidspunkt råder ein annan vegetasjonstype, anten pga. brann eller menneskeleg aktivitet, vil trea med den store høgda og kronene sine skugga ut annan vegetasjon, slik at skogen blir eit klimakssamfunn.

Det finst hundretals definisjonar av skog som blir brukt over heile verda, og dei inkluderer faktorar som tretettleik, trehøgd, bruk av jorda, juridisk status og økologisk funksjon.[3][4] SN sin Mat- og landbruksorganisasjon (FAO) definerer ein skog som «land som strekker seg over 0,5 hektar med tre høgare enn 5 meter og eit trekronedekke på meir enn 10 prosent, eller tre som kan nå desse tersklane in situ. Det inkluderer ikkje land som hovudsakleg blir nytta til landbruks- eller byføremål.»[5] Ved å bruka denne definisjonen kom Global Forest Resources Assessment 2025 fram til at skog dekte 4,14 milliardar hektar (41,4 millionar km²), eller omtrent 31 prosent av heile landarealet i verda, i 2025.[6]

Ofte blir eit område definert som skog når det er så mange tre der at dei verker inn på lokalklimaet, det vil seia at det er mindre vind og anna temperatur mellom trea enn om det ikkje hadde vore tre der. Når høgda på trea er over 5 meter og avstanden mellom dei er mindre enn 30 meter gjev dei ein slik påverknad på klimaet.

Skog er det største landbaserte økosystemet på jorda etter område, og finst over heile verda.[7] 45 prosent av skoglandet ligg på tropiske breiddegrader. Den nest største delen av skogar finst i subarktiske klima, følgd av tempererte og subtropiske soner.[8]

Skog står for 75 % av den totale primære produksjonen av biosfæren på jorda, og inneheld 80 % av plantebiomassen på jorda. Nettoprimærproduksjonen er estimert til 21,9 gigatonn biomasse per år for tropisk skog, 8,1 for temperert skog og 2,6 for boreal skog.[7]

Skogar dannar særskilde ulike biom på ulike breiddegrader og høgdenivå, og med ulike nedbørsnivå og evapotranspirasjon.[9] Desse bioma inkluderer boreal skog i subarktiske klima, tropisk fuktig skog og tropisk tørr skog rundt ekvator og temperert skog på middelbreiddegradane. Det blir danna skog i område på jorda med høg nedbør, medan tørre vilkår vil medføra ein overgang til savanne. I område med middels nedbørsnivå går skogen raskt over til savanne når delen av jord som er dekka av tre fell under 40 til 45 prosent.[10] Undersøkingar utført i Amazonas-regnskogen viser at tre kan endra nedbørsfrekvensen over ein region, og frigjera vatn frå blada sine i påvente av regn, noko som kan utløysa regntida tidlegare. På grunn av dette byrjar regn i Amazonas to til tre månader tidlegare enn klimaet elles ville tillate.[11][12] Avskoging i Amazonas og menneskeskapte klimaendringar har potensial til å forstyrra denne prosessen, og føre til at skogen går over ein terskel der han går over til savanne.[13]

Avskoging truer mange skogøkosystem. Avskoging finn stad når menneske fjernar tre frå eit skogområde ved å hogga eller brenna dei, anten for å hausta tømmer eller for å rydda jorda til jordbruk. Det meste av avskoginga i dag skjer i tropiske skogar. Størstedelen av denne avskoginga er på grunn av produksjon av fire råvarer: tre, oksekjøt, soya og palmeolje.[14] I løpet av dei siste 2000 åra har arealet med skogdekke i Europa blitt redusert frå 80 % til 34 %. Større skogområde er òg blitt rydda i Kina og i det austlege USA,[15] der berre 0,1 % av jorda ligg uforstyrra att.[16] Nesten halvparten av skogareala på jorda (49 prosent) er relativt intakte, medan 9 prosent finst i fragment med lite eller inkje samband. Tropisk og boreal barskog er minst fragmentert, medan subtropisk tørr og temperert marin skog er blant dei mest fragmenterte. Om lag 80 prosent av skogareala i verda finst i parker som er større enn 1 million hektar (2,5×10^6 acre) . Dei resterande 20 prosenta ligg i meir enn 34 millionar stykke rundt om i verda - det aller fleste av desse er mindre enn 1000 hektar i storleik.[8]

Menneskesamfunn og skogar kan påverka kvarandre positivt eller negativt.[17] Skogane kan gje folk økosystemtenester, og kan vera turområde og turistattraksjonar. Skogar kan òg påverke helsa til menneske. Menneskeleg aktivitet, inkludert ikkje-berekraftig bruk av skogressursar, kan påverke skogøkosystema negativt.[18]

Definisjonar

[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om ordet «skog» er i utbreidd bruk, finst det ikkje ein universelt anerkjend nøyaktig definisjon av det. Det finst meir enn 800 definisjonar på «skog» som blir brukte i heile verda.[19] Sjølv om ein skog vanlegvis blir definert av at det finst tre der, kan eit område som ikkje har tre under mange definisjonar likevel bli rekna som ein skog dersom det har vokse tre der i fortida, tre kjem til å veksa der i framtida,[20] eller det er blitt juridisk definert som ein skog, uavhengig av vegetasjonstype.[21][22]

Det finst tre breie kategoriar av definisjonar av skog som er i bruk: administrative, bruk av land og landdekke.[21] Administrative definisjonar er juridiske tildelingar, og treng ikkje spegla kva type vegetasjon som veks på ein stad; eit område kan juridisk kallast «skog» sjølv om det ikkje veks tre på det.[21] Definisjonar som gjeld bruk av land er baserte på det primære føremålet med jorda det er snakk om. I ein slik definisjon blir eit område som blir nytta for å hausta tømmer, inkludert område som er blitt rydda gjennom hogst, sjukdom, brann eller til bygging av vegar og infrastruktur, definert som skog, sjølv om dei ikkje har tre. Definisjonane som gjeld landdekke definerer skog basert på tettleiken av tre, område med trekronedekke eller område av jorda som er dekka av tverrsnittet til stammane (basalareal) som når over ein viss terskel.[21] Denne typen definisjon byggjer på at det finst nok tre til å nå terskelen, eller i det minste nok umogne tre som vil nå terskelen når dei blir eldre.[21]

Under definisjonane knytte til landdekke er det stor variasjon på kva tilhøve det er mellom skogen, mark og savanne. Nokre definisjonar krev svært høge nivå av trekronedekke, frå 60 % til 100 %,[23] noko som ekskluderer mark- og savanneområde som har lågare dekke. Andre definisjonar reknar savanna som ein type skog, og inkluderer alle område med trekronedkeke på over 10%.[20]

Nokre område som er dekka av tre er juridisk definerte som jordbruksområde, til dømes granplantasjar, etter austerriksk skoglov, når trea blir dyrka til juletre og er under ei viss høgd.

Norske definisjonar

[endre | endre wikiteksten]

Skogforvaltaren Knut Skinnemoen har formulert denne definisjonen av «skog»:

Skog er eit område der det veks tre, og som elles oppfyller følgjande krav:

  • Trea må kunne nå ei viss høgd. Denne høgda er ikkje fast, men ved definisjon av fjellskoggrensa er ho foreslått sett til 3 meter.
  • Trea må stå så tett at dei gjensidig påverkar kvarandre. Ved definisjon av fjellskoggrensa er minsteavstanden i skog sett til 30 meter.
  • Det tresette arealet må ha ein viss storleik, i det minste så stor at tresamfunnet er skikka til varig produksjon av trevyrke.
  • Tettleik og areal må til saman gje opphav til eit skogklima som skil seg frå klimaet i området utanom skogen (i «omgivelsene»).

Etter § 2 i den norske Skogbrukslova er skogsmark etter lova grunn som er skogproduserande, eller som etter ei samla vurdering er best eigna for skogproduksjon, og som ikkje er nytta til andre formål.[24]

Primær- og sekundærskog

[endre | endre wikiteksten]

Primærskog er skog som aldri har vore vesentlig påverka av menneskeleg aktivitet, og der dei naturlige økologiske prosessane føregår uforstyrra. Desse skogane har ein unik økologisk verdi, sidan dei inneheld eit rikt biologisk mangfald og lagrar store mengder karbon, noko som bidrar til å dempe klimaendringar.

I Noreg brukar ein ofte omgrepet urskog om primærskog, medan omgrepet naturskog (gammalskog) viser til skog som har vore minimalt påverka av menneske. Slike skogar er viktige referanseområde for økologiske prosesser og bevaring av sjeldne artar.

Sekundærskog er skog som har vokse opp igjen etter at den opphavlege, naturlege skogen (primærskogen) er blitt fjerna, enten gjennom hogst, brann eller annen menneskeleg eller naturleg påverknad. Denne typen skog kan ha ein annan samansetnad av arter og struktur enn den opphavlege skogen, og han kan variere i alder og grad av regenerering. Sekundærskog speler ei viktig rolle i økosystemet ved å bidra til karbonlagring, erosjonskontroll og habitat for ulike artar. Han kan også vera eit viktig ressursområde for lokalbefolkninga.

Globalt skil ein gjerne mellom fire hovudøkosystem. Innanfor kvart av dei finst det mange undergrupper.

  1. Eviggrønn, tropisk regnskog
  2. Tropisk lauvfellande skog
  3. Temperert regnskog
  4. Bladfellande, temperert lauvskog
  5. Nordleg (boreal) barskog

Skogøkologi

[endre | endre wikiteksten]

I eit skogøkosystem av nordisk type delar ein gjerne skogen inn i fire sjikt:

  • Tresjiktet
  • Busksjiktet
  • Feltsjiktet, beståande av gras, urter og lyng
  • Botnsjiktet, beståande av mosar, lav og krypande urter

Det er fyrst og fremst feltsjiktet som blir brukt som kjennemerke for dei økologiske tilhøva. Det karakteriserer fuktforholda, næringstilstanden og lysforholda. Ved klassifiseringa brukast lister med karakteristiske artar, såkalla indikatorartar.

Av dei opphavlege skogane i verda er det berre dei tropiske regnskogane som over større område har bevart den naturlege artssamansettinga og dermed kan kallast urskogar. Av dei andre skogtypane finst det i dag berre mindre urskogsområde, anten som eit resultat av freding eller fordi dei hittil har vore utilgjengelege for økonomisk utnytting. Skogane har vore i tilbakegang heilt sidan steinalderen på grunn av avskoging for beiting og oppdyrking. Dei boreale barskogane har ikkje minka i omfang i like stor grad som dei andre, men moderne skogsdrift har gjennom flatehogst og planting påverka den naturlege artssamansettinga sterkt i retning av einsarta og einsaldra bestand.

Økosystem, biologisk mangfald og nøkkelartar

[endre | endre wikiteksten]

Mange soppartar lever i tett forhold med rotsystemet til plantar, og dannar saman ei sopprot (mykorrhiza). Då lever soppen rundt rota på tre og plantar, og samarbeider med planten ved å kunna transportere vann og næringsstoff til planten og får karbohydratar frå fotosyntesen til planten i bytte. Døme på artar som lever i slike symbiotiske forhold er plantar som bjørk, bøk, kveite og furu, og soppar som kantarell, raud skrubbsopp og peparriske.

Nokre artar er særskild viktige for økosystemet, og blir dei borte får det store konsekvensar for mange andre artar. Desse artane blir kalla nøkkelartar. Nokre døme på slike artar er maur, gran, furu og blåbærlyng. Andre artar er mindre vanlige og har liten innverknad på økosystemet i skogen.

Adirondackfjella i Upstate New York utgjer den sørlegaste delen av det austlege boreale overgangsområdet, ein del av taiga-biomet.
Blanda lauvfellande og eviggrøn tropisk regnskog i Doi Pui-fjella i Thailand.

«Skogbelte» viser til eit geografisk belte av skog som strekkjer seg aust-vest mellom visse breiddegrader, og strekkjer seg over land på eitt eller flere kontinent. Skogbeltet er avgrensa ved at det som biom delar visse økologisk] karakteristikkar, vanlegvis at det omfattar artar med ein viss gruppelikskap (til dømes bartre eller lauvtre), og ein viss likskap med omsyn til habitat eller levesett (til dømes lauvfelling). Dei store skogbelta i verden er i praksis ofte avgrensa av hovudskogtype og klimabelte. Nokre skogbelte utgjer eit økosystem, men omgrepet er i mange tilfelle ikkje heilt presist.

Nokre viktige skogbelte omfattar blant anna:

  • Ein nordleg, boreal barskog utgjer verdas lengste skogbelte (taigaen)[25][26] langs den nordlege halvkule, mellom ca. 50°N og 70°N bredde. Beltet er 1000 til 2000 km breitt.[27] Nord-Europa, nordlege Russland og Japan, Alaska, Canada og nordlege delar av USA er i stor grad dekka av barskog. Beltet har eksistert i om lag 275 millionar år. Dominerande treslag er ulike artar av gran, furu, einer og lerk.
  • Det sommargrøne layvskogbeltet er smalt eller usamanhengenande i Sentral-Asia og vider seg ut i mot Atlanterhavet og Stillehavet. Store delar av Vest-Europa, inkludert sørlege og vestlege kystar av Skandinavia, er omfatta av beltet.[27] Ein temperert lauvskog strekker seg i eit belte sør for den boreale barskogen, mellom ca. 50°N og 40°N frå Kina via det midtre og sørlege Russland og Mellom-Europa til midtre delar og Sørstatane i USA, utanom Florida. Beltet fell saman med verdas viktigaste jordbruksområde, og lauvskogen er i stor grad felt. I Norge blir denne skogen kalla varmekjær. Viktige treslag er eik, bøk, lønn, lind, hassel og kastanje.
  • Temperert og subtropisk (indomalayisk) barskog finst i høgareliggande fjellområde i Himalaya, Pakistan, Iran, Etiopia og Andesfjella. Her dominerer artar av furu og gran.
  • Tropisk lauvfellende skog er lauvskog i tropiske strøk med tørketid, og som feller lauvet om hausten. Utbreiingsområdet omfattar høgareliggande og tørkeprega delar av Søraust-Asia og India. Jordbruk og plantasjedrift medfører at skogbeltet er sterkt utsett for hogst. Eit viktig treslag er teak.
  • Tropisk regnskog er lauvskog i tropiske, ekvatoriale og fuktige strøk som ikkje feller lauvet. Utbreingsområdet omfattar Søraust-Asia, India, Kongo, Vest-Afrika og Amazonasbekkenet, mellom ca. 10°N og 10°S. Høg temperatur og fukt gjev ei svært rask rotning slik at jorda her blir verande næringsfattig og sårbar for hogst. Tropisk regnskog har eksistert i om lag 60 millionar år. Viktige artar er eukalyptus, palmar, lianar og slyngplantar.
    • I randsonene i nord og sør blir beltet tidvis kalla for tropisk monsunskog. Monsunskogen feller lauvet i tørketida og er ikkje så tettvaksen som regnskogen og det finst ofte store samanhengande skogar med same slag tre.[28]
  • Ein sørlig, austral barskog finst i dei mest sørliggande områda langs den sørlege halvkula, dvs. i sørlege Chile, Argentina, fjellområdene i Sør-Afrika og i Australia og New Zealand.
  1. ↑ Global Forest Resources Assessment 2020 – Key findings. Rome: Food and Agriculture Organization. 2020. doi:10.4060/ca8753en. ISBN 978-92-5-132581-0.
  2. ↑ «Forest». Dictionary.com. Arkivert frå originalen 19. oktober 2014. Henta 16. november 2014.
  3. ↑ Schuck, Andreas (2002). «Compilation of Forestry Terms and Definitions» (PDF). European Forest Institute. Arkivert frå originalen (PDF) 5. juni 2015. Henta 16. november 2014.
  4. ↑ «Definitions: Indicative definitions taken from the Report of the ad hoc technical expert group on forest biological diversity». Convention on Biological Diversity. Arkivert frå originalen 19. desember 2014. Henta 16. november 2014.
  5. ↑ Global Forest Resources Assessment 2020 – Terms and definitions (PDF). Rome: Food and Agriculture Organization. 2018. Arkivert (PDF) frå originalen den 9. august 2019.
  6. ↑ FAO (2025). Global Forest Resources Assessment 2025 (på engelsk). FAO. doi:10.4060/cd6709en. ISBN 978-92-5-140082-1.
  7. 1 2 Pan, Yude; Birdsey, Richard A.; Phillips, Oliver L.; Jackson, Robert B. (2013). «The Structure, Distribution, and Biomass of the World's Forests» (PDF). Annu. Rev. Ecol. Evol. Syst. 44 (1): 593–62. Bibcode:2013AREES..44..593P. doi:10.1146/annurev-ecolsys-110512-135914. Arkivert frå originalen (PDF) 7. august 2016.
  8. 1 2 The State of the World's Forests 2020. In brief – Forests, biodiversity and people. Rome, Italy: FAO & UNEP. 2020. doi:10.4060/ca8985en. ISBN 978-92-5-132707-4.
  9. ↑ Holdridge, L.R. Life zone ecology (PDF). San Jose, Costa Rica: Tropical Science Center. Arkivert (PDF) frå originalen den 5. oktober 2016.
  10. ↑ Edwards, Lin. «Forest and savanna can switch quickly». Phys.org.
  11. ↑ Rasmussen, Carol. «New study shows the Amazon makes its own rainy season». nasa.gov.
  12. ↑ Loomis, Ilima. «Trees in the Amazon make their own rain».
  13. ↑ Kimbrough, Liz. «More droughts are coming, and the Amazon can't keep up: Study». Mongabay.
  14. ↑ Derouin, Sarah. «Deforestation: facts, causes & effects». Live Science.
  15. ↑ «Deforestation». National Geographic.
  16. ↑ «Eastern Deciduous Forest (U.S. National Park Service)». nps.gov.
  17. ↑ Vogt, Kristina A, red. (2007). «Global Societies and Forest Legacies Creating Today's Forest Landscapes». Forests and Society: Sustainability and Life Cycles of Forests in Human Landscapes. CABI. s. 30–59. ISBN 978-1-84593-098-1.
  18. ↑ «Deforestation and Its Effect on the Planet». National Geographic Environment (på engelsk). 7. februar 2019. Arkivert frå originalen 19. februar 2021. Henta 21. juli 2021.
  19. ↑ «Forest definition and extent» (PDF). United Nations Environment Programme. 27. januar 2010. Arkivert frå originalen (PDF) 26. juli 2010. Henta 16. november 2014.
  20. 1 2 MacDicken, Kenneth. «Forest Resources Assessment Working Paper 180» (PDF). Food and Agriculture Organization of the United Nations Forestry Department. Arkivert frå originalen (PDF) 24. september 2015. Henta 16. november 2014.
  21. 1 2 3 4 5 Watson, red. (2000). «Land Use, Land-Use Change and Forestry». Intergovernmental Panel on Climate Change. Arkivert frå originalen 29. november 2014. Henta 16. november 2014.
  22. ↑ Menzies, Nicholas. «Facts on Forests and Forestry». ForestFacts.org, a subsidiary of GreenFacts.org. Arkivert frå originalen 8. mai 2015. Henta 16. november 2014.
  23. ↑ «Introduction: Definition of a Forest». MuseumLink Illinois. Arkivert frå originalen 29. oktober 2014. Henta 16. november 2014.
  24. ↑ «Lov om skogbruk (skogbrukslova) - Kapittel 1. Innleiande føresegner - Lovdata», lovdata.no, henta 26. september 2026
  25. ↑ Damms illustrerte verdens land. [Oslo]: Damm. 1997. ISBN 8251790301.
  26. ↑ Rogde, Isak (2002). Russland. Oslo: Gyldendal undervisning. ISBN 8205284709.
  27. 1 2 Hafsten, Ulf (1972). Plantegeografi. Trondheim: Tapir. ISBN 8251900050.
  28. ↑ Haffner, Einar (1960). Geografi for den høgre skolen. Oslo: Damm.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Skog