Serinus
| Serinus | |
Gulirisk (S. serinus) | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
| Familie: | Finkefamilien Fringillidae |
| Underfamilie: | Carduelinae |
| Slekt: | Serinus Koch, 1816 |
Serinus er ei slekt av åtte små fugleartar i finkefamilien (Fringillidae) som lever i Vest-Asia, Europa og Afrika. Slekta vart oppretta i 1816 av den tyske naturforskaren Carl Ludwig Koch.[1][2] Namnet er nylatinsk og tyder «kanarigul».[3] Dette er ei av fleire slekter i finkefamilien der dei norske artsnamna har fellesnemninga irisk.[4]
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Mange fleire artar vart tidlegare plasserte i denne slekta, men fylogenetiske studiar av mitokondrie-DNA og nukleært DNA viste at slekta var polyfyletisk.[5][6][7] Dette vart stadfesta i ein omfattande studie av finkefamilien publisert i 2012. Forfattarane føreslo å dele slekta i to monofyletiske grupper, eit forslag som vart godteke av International Ornithologists' Union. Slekta Serinus vart då avgrensa til gulirisk (S. serinus) og sju andre artar, medan ei større gruppe frå Afrika og Den arabiske halvøya vart plassert i den gjenoppliva slekta Crithagra.[8][9]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Serinus-artane er små sporvefuglar med kroppslengd på ca. 10,5 til 14 cm, typisk 12 cm. Dei fleste artane har meir eller mindre gult i fjørdrakta, fleire med mørke strek i lengderetning på rygg og kroppssider. Svarthovudirisk i Namibia og Sør-Afrika har ei mest avvikande fjørdrakt i svart, brunt og grått. Nebbet er typisk for finkar, kraftig, kort og rettpeikande. Alle artane syner varierande grad av kjønnsdimorfisme i fjørdrakt.
Dei fleste artane har sitt distinkte utbreiingsområde, men i sørlegaste Afrika finst både svarthovudirisk og krattirisk. Gulirisk har den nordlegaste utbreiinga og kan treffast lengst nord i Estland. Gulirisk har fråvære frå Skandinavia og Dei britiske øyane med eit unnatak for ein liten hekkebestand i søraustlege Skåne i Sverige. Raudpanneirisk (S. pusillus) lever frå Tyrkia til nordvestlege Kina og marginalt inn i Mongolia. I Himalaya finst denne arten opp til 4700 meter over havnivå.
Kanariirisk (S.canaria) er omfatta av fuglehandel og kan vere verdas mest kjente burfugl.[10]
Syriairisk (S. syriacus) er klassifisert som sårbar av Birdlife International, alle andre artar er livskraftige.
Artsoversyn
[endre | endre wikiteksten]Medlemmar av Serinus i rekkjefølgje etter AviList v2025:[9] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
| Bilete | Norsk namn | Vitskapleg namn | Utbreiing |
|---|---|---|---|
| Kanariirisk | Serinus canaria | Kanariøyane, Asorane og Madeira | |
| Gulirisk | Serinus serinus | Sørlege og sentrale delar av Europa og Nord-Afrika | |
| Raudpanneirisk | Serinus pusillus | Alpidane frå Anatolia til vestlege Himalaya | |
| Syriairisk | Serinus syriacus | Syria, Libanon, Palestina, Jordan og Saudi-Arabia | |
| Svarthetteirisk | Serinus nigriceps | Etiopia | |
| Svarthovudirisk | Serinus alario | Lesotho, Namibia og Sør-Afrika | |
| Krattirisk | Serinus canicollis | Sørlege Afrika | |
| Gulkroneirisk | Serinus flavivertex | Austlege Afrika og Angola |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Serinus» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2026
- Winkler, D. W.; Billerman, S. M.; Lovette, I. J. (2020). Billerman, S. M.; Keeney, B. K.; Rodewald, P. G.; Schulenberg, T. S. (red.). «Finches, Euphonias, and Allies (Fringillidae), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.fringi1.01. «Artskildringar for artane i Serinus»
- Referansar
- ↑ Koch, Carl Ludwig (1816). System der baierischen Zoologie, Volume 1 (på tysk). Nürnberg. s. 228.
- ↑ Paynter, Raymond A. Jnr., red. (1968). Check-list of birds of the world, Volume 14. Vol. 14. Cambridge, Massachusetts: Museum of Comparative Zoology. s. 208.
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London, United Kingdom: Christopher Helm. s. 354. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- 1 2 «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 26.10.2025.
{{cite web}}: Check date values in:|dato=(hjelp) - ↑ Arnaiz-Villena, A.; Alvarez-Tejado, M.; Ruiz-del-Valle, V.; García-de-la-Torre, C.; Varela, P.; Recio, M.; Ferre, S.; Martinez-Laso, J. (1999). «Rapid Radiation of Canaries (Genus Serinus)». Molecular Biology and Evolution. 16 (1): 2–11. doi:10.1093/oxfordjournals.molbev.a026034.
- ↑ Ryan, P.G.; Wright, D.; Oatley, G.; Wakeling, J.; Cohen, C.; Nowell, T.L.; Bowie, R.C.K.; Ward, V.; Crowe, T.M. (2004). «Systematics of Serinus canaries and the status of Cape and Yellow-crowned Canaries inferred from mtDNA and morphology». Ostrich. 75 (4): 288–294. Bibcode:2004Ostri..75..288R. doi:10.2989/00306520409485457. S2CID 84396955.
- ↑ Nguembock, B.; Fjeldså, J.; Couloux, A.; Pasquet, E. (2009). «Molecular phylogeny of Carduelinae (Aves, Passeriformes, Fringillidae) proves polyphyletic origin of the genera Serinus and Carduelis and suggests redefined generic limits». Molecular Phylogenetics and Evolution. 51 (2): 169–181. Bibcode:2009MolPE..51..169N. doi:10.1016/j.ympev.2008.10.022. PMID 19027082.
- ↑ Zuccon, Dario; Prŷs-Jones, Robert; Rasmussen, Pamela C.; Ericson, Per G.P. (2012). «The phylogenetic relationships and generic limits of finches (Fringillidae)» (PDF). Molecular Phylogenetics and Evolution. 62 (2): 581–596. Bibcode:2012MolPE..62..581Z. doi:10.1016/j.ympev.2011.10.002. PMID 22023825. Arkivert frå originalen (PDF) 2018-09-26. Henta 14.03.2026.
{{cite journal}}: Check date values in:|access-date=(hjelp) - 1 2 AviList Core Team. 2025. «AviList: The Global Avian Checklist, v2025». AviList: The Global Avian Checklist © 2025 by AviList Core Team is licensed under CC BY 4.0. doi:10.2173/avilist.v2025.
{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link) - ↑ Clement, P. (2020). «Island Canary (Serinus canaria), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.comcan.01.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Serinus hos Artsdatabanken
- (en) Serinus i Catalogue of Life
- (en) Serinus i Encyclopedia of Life
- (en) Serinus i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Serinus hos Dyntaxa
- (en) Serinus hos Fossilworks
- (en) Serinus hos ITIS
- (en) Serinus hos NCBI
- (en) Kategori:Serinus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Serinus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Serinus – detaljert informasjon på Wikispecies