Hopp til innhald

Pion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pion eller pi-meson (π-meson') er i partikkelfysikken eit felles namn på tre elementærpartiklar: π0, π+ og π−. Pioner er dei lettaste mesona og spelar ei viktig rolle når ein skal forklare «låg-energi-eigenskapane» til fargekrafta.

Pion har 0-spinn, og består av førstegenerasjons kvarkar. Det finst tre forskjellige π-meson:

  • Pi pluss (π+, 139.6 MeV/c2): Består av ein opp-, og ein anti-nedkvark (ud¯), og desintegrerer til eit anti-myon og eit myon-nøytrino, eller eit positron og eit elektron-nøytrino:

π+→μ++νμ,    π+→e++νe

  • Pi minus (π−, 139.6MeV/c2): Antipartikkelen til π+, og består dermed av ein anti-opp- og ein nedkvark (u¯d), og desintegrerer til eit myon og eit anti-myon-nøytrino, eller eit elektron og et anti-elektron-nøytrino:

π−→μ−+ν¯μ,   π−→e−+ν¯e

  • Pi null (π0, 135 MeV/c2): Det interessante med denne partikkelen er at han er sin eigen antipartikkel. Kvarkoppbygginga er opp-, anti-opp minus ned-, anti-ned, dividert på kvadratrota av 2: uu¯−dd¯2

Han desintegrerer til to foton, eller eitt foton og eit elektron-, positronpar:
π0 > 2γ ELLER π0 > γ + e− + e+