Paramosisik
| Paramosisik | |
Paramosisik | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av Paramosisik | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
| Familie: | Finkefamilien Fringillidae |
| Slekt: | Sisikar Spinus |
| Art: | Paramosisik S. spinescens |
| Vitskapleg namn | |
| Spinus spinescens | |
Paramosisik (Spinus spinescens) er ein art av sisikslekta i finkefamilien (Fringillidae). Arten finst i Ecuador, Colombia og Venezuela med utbreiing langs Andes og andre fjellområde i kratt ved skoggrensa eller høgare i páramo økosystem.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Paramosisiken er ein liten grøn- og gultona fink med omtrent same storleik som den minste i slekta, småstillits (Spinus psaltria). Total kroppslengd er 9–11 cm, og ei vekt på rundt 11,5 gram.[1]
Han har mørkgrøn overside med svarte og gule teikningar på venger og stjert. Den vaksne hannen har ei karakteristisk svart hette. Hoa manglar svart hette og ho er generelt mattare og meir olivenfarga, med kvitt frå buken til dei nedste stjertdekkfjørene.[1]
Ropet til paramosisiken er eit typisk gullfinkliknande tswee eller liknande variantar, ofte gjeve i flukt. Songen er ein livleg og springande serie av høgfrekvente tonar, ispedd ei rullande trille.[1][2]
Utbreiing og habitat
[endre | endre wikiteksten]Nominatforma finst i kystfjella i Aragua i Nord-Venezuela, i Andesfjella i Vest-Venezuela, i Serranía del Perijá langs grensa mellom Colombia og Venezuela og i Sierra Nevada de Santa Marta i Nord-Colombia. S. s. nigricauda lever i vestleg og sentrale Andes i Vest-Colombia, sør til provinsen Carchi i nordlege Ecuador.[1]
Paramosisiken er vanleg til lokalt vanleg i leveområda sine. Han finst i subtropiske soner og i páramo økosystema i dei nordlege Andesfjella. Vanleg høgdeutbreiing er 1 800–4 100 moh., men arten kan stundom gå ned til 1 500 moh. i Colombia. Han held til i krattskog eller låge buskfelt ved tåkeskog eller dvergskog, eller langs skogkantar.[1]
Paramosisiken blir som regel observert i par eller små flokkar på opptil 20 individ, stundom blanda med andre finkeartar, til dømes hettesisik i Nord-Ecuador. Han sit ofte i trekronene, men søkjer som oftast føda på eller nær bakken. Paramosisiken et ei rekkje plantefrø, men har særleg forkjærleik for frø og blomstrar frå slekta Espeletia.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer dels på «Andean siskin» frå Wikipedia på engelsk, den 27. november 2025
- Referansar
- 1 2 3 4 5 6 Clement, P. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E. (red.). «Andean Siskin (Spinus spinescens), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.andsis1.01.
- ↑ «Xeno-canto opptak av læte, slekt paramosisik». Xeno-canto Foundation. Henta 27.11.2025.
{{cite web}}: Check date values in:|vitja=(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hilty, S.L. (2002). Birds of Venezuela. Princeton University Press. s. 831. ISBN 978-1-4008-3409-9. Henta 27.11.2025.
{{cite book}}: Check date values in:|access-date=(hjelp) - Ridgely, R.S.; Tudor, G. (2009). Field Guide to the Songbirds of South America: The Passerines. University of Texas Press. s. 680. ISBN 978-0-292-71748-0. Henta 27.11.2025.
{{cite book}}: Check date values in:|access-date=(hjelp) - (no) Paramosisik hos Artsdatabanken
- (en) Paramosisik i Catalogue of Life
- (en) Paramosisik i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Paramosisik hos ITIS
- (en) Paramosisik hos NCBI
- (en) Kategori:Spinus spinescens – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Spinus spinescens – detaljert informasjon på Wikispecies