Hopp til innhald

Neslefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neslefamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Neslefamilien Urticaceae
Juss., 1789

Neslefamilien er ein plantefamilie i roseordenen som er utbreidd overalt i tempererte og tropiske strøk. I familien finn ein mellom anna nesle, kinagras og stoveplanten husfred.

Familien inneheld rundt 2625 artar grupper i 53 slekter, ifølgje databasen til Royal Botanic Gardens i Kew og Christenhusz og Byng (2016).[1] Den største slekta er Pilea (500-715 artar), Elatostema (300 artar), nesleslekta Urtica (80 artar) og Cecropia (75 artar). Cecropia omfattar mange plantar som lever i mutualisme med maur.[2]

Dei fleste av plantane i familien er urter. Blada sit spreidd eller motsett. Blomane er som oftast eittkjønna med enkelt, friblada blomedekke, fire blomedekkblad, fire pollenberarar og eitt fruktblad. Pollenberarane sit bøygd inn i blomeknoppane. Når knoppan sprett elastisk opp fyk pollenet ut. Fruktene er nøtter eller steinfrukter.

I Noreg veks det 2 nesleartar vilt - stornesle (Urtica dioica) og smånesle (Urtica urens). Nesle er ein medisinurt og matplante.

  1. ↑ Christenhusz, M. J. M., and Byng, J. W. (2016). «The number of known plants species in the world and its annual increase». Phytotaxa. 261 (3). Magnolia Press: 201–217. doi:10.11646/phytotaxa.261.3.1.{{cite journal}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  2. ↑ Chomicki G; Renner SS. (2015). «Phylogenetics and molecular clocks reveal the repeated evolution of ant-plants after the late Miocene in Africa and the early Miocene in Australasia and the Neotropics». New Phytologist. 207 (2): 411–424. doi:10.1111/nph.13271. PMID 25616013.
  3. ↑ «Zhengyia shennongensis: A new bulbiliferous genus and species of the nettle family (Urticaceae) from central China exhibiting parallel evolution of the bulbil trait». Taxon. 62 (1): 89–99. 2013. JSTOR 24389315. {{cite journal}}: Den ukjende parameteren |authors= vart ignorert (hjelp)

«neslefamilien» i Store norske leksikon, snl.no.