Hopp til innhald

Modest Musorgskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Modest Musorgskij

Fødd9. mars 1839
FødestadKarevo, Pskov
Død16. mars 1881 (42 år)
DødsstadSt. Petersburg
FødenamnМодест Петрович Мусоргский
OpphavDet russiske imperiet
Aktiv1852–1881, 1881
Sjangerklassisk musikk, opera
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, librettist, militær, musikar

Modest Petrovitsj Musorgskij (21. mars 1839–28. mars 1881) var ein russisk komponist.

Dei mest kjende verka hans er operaen Boris Godunov og klaversyklusen Bilde på ei utstilling. Han blir rekna som ein av dei mest særmerkte russiske komponistane på 1800-talet. Musorgskij døydde av mange års alkoholmisbruk berre 42 år gammal og etterlét seg mange ufullførte verk.

Musorgskij var yngste son i ein velhavande godseigarfamilie frå landsbyen Karevo ved Toropets i Tver oblast, om lag 400 km sør for St. Petersburg. Mora og ei tysk guvernante lærte han å spele klaver og åtte år gammal meistra han korte stykke av Franz Liszt. Som niåring framførte han musikk av John Field for eit stort publikum i foreldra sitt hus. Frå august 1849 fekk han klaverundervisning av Anton Herke, ein elev av Adolf Henselt.

Militær karriere

[endre | endre wikiteksten]
Musorgskij frå tida på kadettskolen, ca. 1856

For å følgje familietradisjonen[1] begynte han i 1825 på kadettskolen i St. Petersburg der han hovudsakleg studerte historie og filosofi. Han var med i eit skolekor, og på religionslæraren si oppmoding arbeidde han med den ukrainske kyrkjemusikkomponisten