Lateks
Lateks eller mjølkesaft er ein flytande emulsjon av små polymerpartiklar. Han finst naturleg i mange plantar, men ordet «lateks» blir òg brukt om tilsvarande emulsjonar som er framstilt industrielt. Lateks må ikkje forvekslast med sevje, som har ein annan samansetnad og funksjon.
Planter som inneheld lateks er blant anna løvetann, salat, svaleurt, fiken, julestjerne og alle andre artar i vortemjølkslekta, valmue, sapodilletre, gravmyrt, oleander og ekte gummitre. Lateks finst òg hjå nokre soppar, som riske. Plantane har lateksgangar som transporterer lateksen rundt i planten. Lateks kan vera kvit, gul, oransje, raud, brun eller fargelaus. Dei dispergerte stoffa omfattar protein, sukker, stive, alkaloid, gummistoff, eteriske oljer og fenol. Lateksen koagulerer ofte ved tilføring av oksygen, til dømes om planten blir skadd.
Det finst lateks i omtrent ti prosent av alle blomeplanter. Stoffet har ingen primær metabolsk funksjon, og ein reknar med at ho er utvikla som forsvar mot planteetande insekt.
Den mest kjende lateksen kjem frå ekte gummitre og blir brukt til å framstilla kautsjuk, som kan vulkaniserast til naturgummi. Opium er lateksen til opiumsvalmuen, og inneheld morfin, kodein, tebain og andre alkaloid.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Lateks (plantemorfologi)». Store norske leksikon. Henta 2017-08-09.
- «Lateks (kjemisk industri)». Store norske leksikon. Henta 2017-08-09.
- Anurag A. Agrawal og Kotaro Konno. «Latex: a model for understanding mechanisms, ecology, and evolution of plant defense against herbivory». Annual Review of Ecology, Evolution, and Systematics. 40. doi:10.1146/annurev.ecolsys.110308.120307. ISSN 1543-592X.
- Denne artikkelen bygger på «Lateks» frå Wikipedia på bokmål, den 7. september 2026.