Hopp til innhald

Jartegn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av ulike jartegn frå Nürnbergkrøniken (1493)

Jartegn eller omen er eit særskild merke eller varsel som kan danna prov eller førebod.[1]

Ordet jartegn (norrønt jartegn) er avleidd frå *jarknteign, frå gotisk airkns: 'ærke', 'ekte'.[2]

I gamal tid kunne jartegn òg vere eit slags legitimasjonsteikn, til dømes noko ein person fekk med seg for å vise at han var den han gav seg ut for å vere, og hadde det oppdrag han påstod å ha.[3] I Soga om Olav den heilage heiter det til dømes: «Men dette fingergullet skal du gje Ragnvald jarl, og desse jartegnene vil han nok kjenne».[4]

I allmenn forstand er fenomenet ofte tolka som eit illevarslande, negativt eller skjebnesvangert varsel. Med andre ord kan «jartegn» òg brukast om teikn (fortrinnsvis i naturen) der overeinsstemming mellom signifikant og signifikat ikkje er vilkårleg eller tilfeldig.[treng kjelde]

I moderne tolkingslære, semiologi og semiotikk, i arven etter Ferdinand de Saussure, vert det som regel slege fast at jartegn ikkje finst i røynda, og at tilhøvet mellom signifikant og signifikat avheng av sosiale kontraktar. Trua på jartegn er eit kjenneteikn på ei magisk røyndomsoppfatning.[treng kjelde]

Døme på jartegn

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «jartegn» i Nynorskordboka.
  2. ↑ «järtecken», Svensk etymologisk ordbok (på svensk), runeberg.org, s. 286, 1922, henta 2018-11-01
  3. ↑ «jærtegn». Store norske leksikon (på norsk). 2018-02-20.
  4. ↑ Sturlason, S., «Soga om Olav den heilage». I Kongesoger, Det norske samlaget, 4. utg. 2. oppl. 1994. 69. s. 254.