Hopp til innhald

Fred Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fred Hansen


StatsborgarskapUSA
Fødd29. januar 1940 (86 år)
Cuero
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 1964

Frederick Morgan Hansen (fødd 29. januar 1940) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som i 1964 vart olympisk meister i stavhopp.

Hansen sette personleg rekord med 4,90 meter i 1963, men låg klart under landsmennene John Pennel og Brian Sternberg før OL-sesongen 1964. Tidleg i det olympiske året forbetra han sine prestasjonar kraftig. Etter å ha tangert verdsrekorden til Pennel med eit hopp på 5,20 m, forbetra Hansen rekorden to gonger i dei komande sommarvekene. Den 13. juni 1964 forbetra han rekorden til 5,23 meter og den 25. juli, under landskampen USA mot Sovjetunionen i Los Angeles, til 5,28 meter.

Hansen sikra seg den olympiske gullmedaljen i Tokyo etter ei ni timar lang tevling, som kulminerte om kvelden 17. oktober. Tyske Wolfgang Reinhardt var den einaste utøvaren som tok seg over 5,05 m. I sine to fyrste forsøk på 5,10 m reiv Hansen, før han i tredje forsøk lukkast, noko som viste seg å halde til siger. Han la deretter opp.