Hopp til innhald

Elva Beni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Río Beni
elv
Land  Bolivia
Nedslagsfelt 133 010 km²
Renn gjennom Rurrenabaque
Sideelvar Madre de Dios, Alto Beni, Río Orthon, Río Kaka, Río Tuichi (dei 5 lengste)
Lengd 1 178 km
Middelvassføring 11 850 m³/s
Kjelde
 •  høgd 640 moh.
Munning Madeira
 •  høgd 110 moh.
Kart
elva Beni
10°22′56″S 65°23′25″W / 10.3821°S 65.3903°W / -10.3821; -65.3903
Kart som viser Elva Beni.
Kart som viser Elva Beni.
Kart som viser Elva Beni.
Wikimedia Commons: Beni River

Beni er ei stor elv i Bolivia som høyrer til Amazonasbekkenet, og er den nest største elva i landet målt etter vassføring. Etter å ha tatt imot vatn frå ei rekkje sideelvar renn ho saman med Mamoré og dannar Madeira.

Beni vart påvist av spanjolane i første halvleiken av 1500-talet. Ein ekspedsjon frå Peru mot Beni-savannen i det noverande Bolivia nådde elva som vart kalla río de los Omapalcas, eit namn som vart brukt om Beni, der spanjolane kom i kontakt med tacana-folket.[1]

Elva har utspringet sitt nord for La Paz og renn mot nordaust. Langs løpet har elva fleire bratte fall. Saman med den geologiske oppbygginga fører dette til ei rekkje stryk og tronge elveparti, mellom anna Angosto del Bala, som berre er om lag 60 meter breitt. Ved tvillingbyane Rurrenabaque og San Buenaventura, om lag 1000 km frå utløpet, skjer elva gjennom dei siste fjellkjedene i dei austlege utløparane av Andesfjella på veg mot låglandet gjennom Llanos de Moxos – også kjent som Beni-savannen.

Om lag 160 km frå utløpet tek Beni imot den større Madre de Dios nær byen Riberalta. På somme kart er denne nedste delen av elva omtala som «Madre de Dios», men offisielle bolivianske kart fører han som «Río Beni».[2] På denne strekninga blir elva opptil to kilometer brei, sjølv ved ei gjennomsnittleg vassføring på om lag 8900 m³/s. Etter ein samla lengd på rundt 1600 km renn Beni saman med Mamoré, som har ei gjennomsnittleg vassføring på om lag 8200 m³/s. Saman dannar dei Madeira, den vassrikaste sideelva til Amazonaselva.

  1. ↑ García Krust, Vannya Gómez. Perrier Bruslé, Laetitia (red.). Capítulo 4. Las rutas hacia el norte amazónico del departamento de La Paz. D’Amérique latine (på spansk). IRD Éditions. s. 115–143. ISBN 978-2-7099-2558-7. Henta 7. oktober 2026.
  2. ↑ «Río Beni, Bolivia, Mapas de Ruta Fluvial» (pdf) (på spansk). Servicio Nacional de Hidrografía Naval. 2019. s. 7, 22. Henta 7. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Elva Beni
  • «Rio Beni». open data licenced under ODbL (på engelsk). WaterwayMap.org © CC-BY-SA 4.0. Henta 5. oktober 2026.