Dio Cassius
| Dio Cassius | |
| Statsborgarskap | Romarriket |
| Fødd | 2. hundreåret Nikea |
| Død |
235 |
| Yrke | historikar, politikar, militær |
| Far | Cassius Apronianus |
| Dio Cassius på Commons | |
Dio Cassius (fødd ca. 164, død ca. 229), var ein romersk senator og historikar. Han tilhøyrde ein velståande familie frå Nikea i Vesleasia og skreiv verka sine på gresk, men vende seg primært mot eit romersk publikum. Faren hans, Cassius Apronianus var romersk senator, og Dio følgde òg sjølv ein politisk og juridisk karriere i Roma. Under keisar Septimius Severus blei han konsul for fyrste gong. Den andre gongen han var konsul var under Alexander Severus i år 229.
Storverket hans om historia til Roma kom i 80 band, og tok for seg tida frå byen blei grunnlagd til hans eiga tid. Blant kjeldene Dio brukte var den latinske historikaren Tacitus, og for dei periodane av det første hundreåret der historieverket til Tacitus ikkje er bevart, er Dio ein a dei viktigaste kjeldene. Likeeins er skildringa av samtida hans på høgt nivå, og ofte legg han til sine eigne augevitneskildringer. Dio si skildring av historia til republikken er ofte prega av anakronismar, men ein kan finna mange verdifulle opplysingar i verket hans, òg om dei tidlegaste tidene.
Store delar av verket er gått tapt, men innhaldet er bevart i form av bysantinske resymé (epitomar) frå 800-1000-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dio Cassius» frå Wikipedia på dansk, den 8. november 2026.