Canmore
Utsjånad
| Canmore | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 69,43 km² | ||
| Folketal | 13 992 (2016)[1] | ||
![]() Canmore 51°05′17″N 115°20′52″W / 51.087998055556°N 115.34777611111°W | |||
| Wikimedia Commons: Canmore | |||
Canmore er ein by vest i provinsen Alberta i Canada. Byen har ikring 17 000 ibuarar (2023) og ligg i dalen Bow Valley i Rocky Mountains. Canmore, som er ein kjend vintersportstad, ligg aust for Banff nasjonalpark og 110 km vest for Calgary.
Tevlingane i nordiske greiner og skiskyting under OL i Calgary i 1988 vart arrangert i Canmore Nordic Centre Provincial Park. Også lagtevlinga i VM i skiskyting 1994 vart avvikla her. Sidan 2006 har det år om anna vorte arrangert verdscuprenn i langrenn i Canmore.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Canmore, Alberta» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2025.
