Hopp til innhald

Bokfink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bokfink
Bokfinkhann
Bokfinkhann
Bokfinkhoe
Bokfinkhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av bokfink
Utbreiinga av bokfink
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Fringilla
Art: Bokfink F. coelebs
Vitskapleg namn
Fringilla coelebs

Bokfinken (Fringilla coelebs) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 15 cm lang, og veg rundt 20 gram.

Bokfinken har to tydelege kvite vengeband, og issen og nakken er blågrå. Dei ytste stjertfjørene er kvite, og andletet og brystet er brunraudt. Hoa har ei mørk, grøngrå overside, men på undersida er ho ljosare.

Bokfinkegg

Bokfinken hekkar på same stedet kvart år. Reiret vert bygt i tre og ser ut som ei djup skål som er pynta med mose og lav. Bokfinken hekkar i april–juli og han legg tre til seks egg. Rugetida er 13 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13–14 dagar. Bokfinken kan få to kull om året.

Bokfinken er ein av dei vanlegaste fuglane i Noreg.[2]

Trekktilhøve

[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste bokfinkane flyg ut av Noreg i september-oktober. Nokre få allereie i august. Trekket går mot sør gjennom Danmark, Tyskland, Nederland og Belgia. Nokre overvintrar i desse landa. De fleste flyg vidare frå Belgia til Storbritannia og nokre til Irland. Eit mindretal fuglar flyg beint over Nordsjøen til desse øyane. Nokre norske hekkefuglar reiser sørover for å overvintre i det sørvestlege Europa. Eit fåtal bokfinkar overvintrar i Noreg. Bokfinkane kjem att i mars–april, og då kjem hannen eit par veker før hoa. Bokfinken har difor fått det latinske namnet coelebs som tyder 'ugift'. Når hoa kjem, jagar hannen sint alle rivalane sine vekk ifrå området sitt.

Referansar
  1. ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av bokfink Fringilla coelebs for Norge. Norsk rødliste for arter 2021». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  2. ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bokfink