Anne Hathaway
- For kona til William Shakespeare, sjå Anne Hathaway (d. 1623).
| Anne Hathaway | |||
| Anne Hathaway i Cambridge i Massachusetts januar 2010. | |||
| Fødd | 12. november 1982 (43 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Brooklyn | ||
| Fødenamn | Anne Jacqueline Hathaway | ||
| Aktive år | 1999– | ||
| Verka som | filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, dubbar, skodespelar, musikar, stemmeskodespelar | ||
| Mor | Kate McCauley Hathaway | ||
| Far | Gerald T. Hathaway | ||
| Ektefelle | Adam Shulman | ||
| Prisar | Oscar for beste kvinnelige birolle, Primetime Emmy Award for Outstanding Voice-Over Performance, Golden Globe Award for Best Supporting Actress – Motion Picture, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Hasty Pudding Woman of the Year, BAFTA Award for Best Actress in a Supporting Role, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Supporting Role | ||
Anne Jacqueline Hathaway (fødd 12. november 1982 i Brooklyn i byen New York) er ein USA-amerikansk skodespelar. Hathaway har vunne Oscar-prisen for beste kvinnelege birolle for rolla som Fantine i filmmusikalen Les Misérables (2012).
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Anne Hathaway fekk si første større skodespelarrolle i fjernsynsserien Get Real i 1999. I 2001 spela ho hovudroller i Disney-filmen Prinsesse på prøve, i oppfølgjaren frå 2004 og i Den forheksede Ella same året. Ho spela også inn stemma til hovudpersonen i animasjonsfilmane Katteprinsen (2002) og Sannheten om Rødhette (2005) før ho for alvor tok steget bort frå familiefilmane.[1]
I 2005 spela ho i Havoc og Brokeback Mountain og året etter spela ho mot Meryl Streep i komedien The Devil Wears Prada. Ho har vorte brukt i ein del komediar og romantiske komediar dei siste åra, til dømes Rachel Getting Married (2008), Bride Wars (2009) Valentine's Day (2010) og Love & Other Drugs (2010). I tillegg spela ho stemma til «Jewel» i Rio (2011) og den kvite dronninga i Alice i Eventyrland (2010).
I 2012 spela ho Selina i den tredje av dei nyaste Batman-filmane, The Dark Knight Rises. Same året spela ho «Fantine» i Tom Hoopers filmatisering av musikalen Les Misérables. Det var særleg måten ho framførte songen «I Dreamed a Dream» som skapte internasjonal merksemd. Rollefiguren har her vorte tvunge til prostitusjon for å brødfø seg og dottera si. For å få fram det desperate i scena, gjekk Hathaway kraftig ned i vekt og klipte håret kort.[2] Songen vert framført inni ei kiste som liknar ei likkiste. Christopher Orr frå The Atlantic skreiv at «Hathaway gjev alt ho har, ho tek til i stille sorg før ho byggjer det opp til eit forpint klimaks: ho geispar, ho græt, ho hostar. Dersom du blir lamslått av denne scena, noko mange vil bli, (...) kan dette vera filmen for deg.»[3] Ann Hornaday i The Washington Post skreiv: «Midtpunktet i ein film som består av berre midtpunkt, høyrer til Anne Hathaway, som som den tragiske heltinna Fantine syng endå eit av dei minneverdige nummera.»[4]
For denne rolla vann Hathaway heile tretti ulike prisar, mellom anna Oscar-prisen, Golden Globe-prisen, BAFTA-prisen og Screen Actors Guild Award.
Verkliste
[endre | endre wikiteksten]Filmar
[endre | endre wikiteksten]| År | Tittee | Rolle | Merknad |
|---|---|---|---|
| 2001 | The Princess Diaries | Mia Thermopolis | |
| 2001 | The Other Side of Heaven | Jean Sabin | |
| 2002 | The Cat Returns | Haru Yoshioka (røyst) | Engelsk dubbing |
| 2002 | Nicholas Nickleby | Madeline Bray | |
| 2004 | Ella Enchanted | Ella of Frell | |
| 2004 | The Princess Diaries 2: Royal Engagement | Mia Thermopolis | |
| 2005 | Hoodwinked! | Red Puckett (voice) | |
| 2005 | Havoc | Allison Lang | |
| 2005 | Brokeback Mountain | Lureen Newsome Twist | |
| 2006 | The Devil Wears Prada | Andrea Sachs | |
| 2007 | Becoming Jane | Jane Austen | |
| 2008 | Get Smart | Agent 99 | |
| 2008 | Get Smart's Bruce and Lloyd Out of Control | Agent 99 | Cameo |
| 2008 | Passengers | Claire Summers | |
| 2008 | Rachel Getting Married | Kym Buchman | |
| 2009 | Bride Wars | Emma Allen | |
| 2010 | Valentine's Day | Liz Curran | |
| 2010 | [Alice in Wonderland | White Queen | |
| 2010 | Love and Other Drugs | Maggie Murdock | |
| 2011 | Rio | Jewel (røyst) | |
| 2011 | One Day | Emma Morley | |
| 2012 | The Dark Knight Rises | Selina Kyle | |
| 2012 | Les Misérables | Fantine | |
| 2013 | Don Jon | Emily Lombardo | Cameo |
| 2014 | Song One | Franny | Også produsent |
| 2014 | Rio 2 | Jewel (røyst) | |
| 2014 | Don Peyote | Dream Agent | Cameo |
| 2014 | Interstellar | Amelia Brand | |
| 2015 | The Intern | Jules Ostin | Under filming (2015) |
| 2016 | Alice in Wonderland: Through the Looking Glass | White Queen | Under filming (2015) |
Fjernsyn
[endre | endre wikiteksten]| År | Tittel | Rolle | Merknad |
|---|---|---|---|
| 1999–2000 | Get Real | Meghan Green | 22 episodar |
| 2007 | Elmo's Christmas Countdown | Seg sjølv | Spesialepisode |
| 2008–2012 | Saturday Night Live | Seg sjølv (programleiar) | 3 episodar |
| 2009–2012 | The Simpsons | Jenny/Princess Penelope (røyster) | 3 episodar |
| 2010–2011 | Family Guy | Mother Maggie/Seg sjølv/Hot Blonde (røyster) | 3 episodes |
| 2011 | 83rd Academy Awards | Seg sjølv (programleiar) | TV special |
| 2015 | Behind The Wheel | Seg sjølv (programleiar) | Episode Two |
Teater
[endre | endre wikiteksten]| År | Tittel | Rolle | Merknad |
|---|---|---|---|
| 2009 | Twelfth Night[5] | Viola | Delacorte Theater |
| 2015 | Grounded | Unnamed Pilot | The Public Theater |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Profil og filmografi på The Internet Movie Database
- Engelsk Wikipedia om Anne Hathaway - avsnittet om Les Misérables. Henta inn 28. november 2013.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Anne Hathaway» frå Wikipedia på engelsk, den 2015.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Biografi om Anne Hathaway på Imdb.com
- ↑ Daily Mail, 11.01.13: Anne Hathaway drops 25lb on the Les Miserables lettuce diet... then breaks her superskinny arm
- ↑ The Atlantic, 25.12.12: The Extravagant Melodrama of Les Misérables. Omsett frå engelsk.
- ↑ Washtington Post, 28.12.12: Filmmelding av Les Misérables. Henta inn 28.11.13. Omsett frå engelsk.
- ↑ «Lortel Archives-The Internet Off-Broadway Database». Lortel.org. Arkivert frå originalen 2013-01-16. Henta February 25, 2012.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)