Hopp til innhald

Amulett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudinna Frøya som amulett. Kopi av eit funn frå Hagebyhöga , brukt av ein Forn Sed-utøvar.

Amulett (av gresk amuletum) er ein gjenstand som einkvan ber med seg i tru på at han kan gje vern. Omgrepet er nært i slekt med talisman, men amuletten er mest meint som eit vern, medan ein talisman også kan ha som føremål å gje brukaren gode eigenskapar,[1] magiske evner og eller særskilde dugleikar.[2]

Amulettar kan til dømes berast i handa, leggast i lomma, brukast som halssmykke eller leggjast inn i ein ring. Dei skal kunna verna den som ber dei mot ulukker og farar langs vegen, forsøk på å kaste trolldom mot han, eller mot skader, sår og alle slags sjukdommar.

  1. ↑ «amulett». Store norske leksikon (på norsk). 2023-01-12.
  2. ↑ «talisman». Store norske leksikon (på norsk). 2022-09-19.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Amulett