Skorpionar er små dyr med store klør framme ved hovudet. Kroppen er avlang, og dei har ein giftbrodd på halen. Skorpionar tilhøyrer edderkoppdyra.
Det er ca. 1500 artar skorpionar i verda. Dei fleste lever i tropane, men det finst skorpionar så langt nord som Storbritannia. Det finst ikkje skorpionar i Noreg.
Mosskorpioner (edderkoppdyr) og vasskorpionar (teger) liknar ekte skorpionar, men dei har ikkje hale med brodd.